Skal du til Slinningsodden i helga, for å nyte varmen frå St. Hansbålet, sosialt samvær og kanskje nokre pils? Tenkt å ta båten heim? Her skal du få nokre gode grunnar til å la vere.

I vår lanserte havarikommisjonen for transport ei kartlegging av fritidsbåtulykker i Norge i 2018. Kartlegginga viser at kvar femte person som omkom i 2018, gjorde det etter at båten gjekk på grunn eller kolliderte. Høg fart, moderat til tydeleg ruspåverknad og tussmørke kjenneteiknar ulykkene. Havarikommisjonen stiller med rette spørsmålet: Kvifor vel folk å føre båt når dei er ruspåverka?

Båtføring og promille er ein farleg kombinasjon. Med promille blir du ein dårlegare båtførar, og du blir mindre budd til å takle utfordringar som usikker sjø, lumske skjer og andre båtførarar i krappe svingar. Alkohol reduserer balansen, koordinasjonsevna og reaksjonstida. Den kritiske sansen din blir svekt. Du blir meir impulsiv og villig til å ta større sjansar. Promille reduserer òg overlevingstida i vatn. Rusa personar har større risiko for å drukne sjølv ved korte symjeturar. Grunnen til det er ein kombinasjon av dårleg dømmekraft og stort varmetap.

Trass i åtvaringar mot alkohol på sjøen er det kvart år folk som vel å føre båt med promille. Det er eit val som påverkar både deira eigen og andre sin tryggleik. Kos deg ved Slinningsbålet i helga. Og planlegg korleis du skal komme deg heim etter at bålet har brent ned. Hald deg edru dersom du skal føre båten heim att, bestill taxi eller sørg for overnatting på land dersom du skal nyte alkohol. Hugs at alkoholfritt øl er eit godt alternativ! Ekte kapteinar set tryggleiken i høgsetet heile vegen, også når dei har teke seg nokre bålpils.