Som Dyb, så set eg pris på tilsvar. Det er godt å sjå at han har kontroll på kva ein sosialdemokrat er, det seier eg takk for. Men Dyb gir seg ikkje der og kjem meir idioti, utruleg nok meir upresist enn sist.

At det var personsjikane i fyste innlegg må Dyb gjerne nekte for, men det står jo bokstaveleg talt svart på kvitt i avisa. Så det er vanskeleg å sno seg unna, sjølv om Frp er glad i den strategien.

Han forsøker vidare å avfeie konkrete tal, med strofer som «det går eg ikkje god for» og «eg trur ikkje det».

Eg heller trur ikkje så mykje om klima, men eg veit at forsking og konkrete bevis ikkje lyg.

Og ein kunne lese om det i Teknisk Ukeblad både 6. februar og 13. mai i år, samt at det vert jamleg oppdatert mellom anna på www.energycharts.de og i DNV GL sine analysar. Eg vil anbefale Dyb å sjekke fakta, før han «ikkje trur» på ting.

Endringa i ordbruk frå Global Warming til Climate Change har ein særs god grunn. Det er ikkje fordi ein fann ut at global oppvarming ikkje skjer likevel, det er fordi problemet er meir komplekst enn ein trudde på 80-talet. Måndag 6. mai 2019 slapp IPBES (FNs naturpanel) ein rapport som er den mest omfattande hittil, det er dyster lesing.

Fakta er klare

Tre fjerdedelar av landjorda er vesentleg endra av menneske. To tredjedelar av hava er under sterkt press. Ein million artar står i fare for å døy ut innan få tiår.

4. juni 2019 kunne ein lese eit innlegg i Energi og klima av professor Anders Bjartnes ved NMBU, om viktigheita av vindkraft og fleire straumkablar. Konklusjonen er at desse i kombinasjon vil auke verdien av Noregs fornybare energi, inkludert vasskrafta. Det vil redusere utslepp betydeleg og det vil halde straumprisen i Noreg på stabil på lang sikt. Dersom ein ikkje gjer det, vil derimot prisen auke. Å tru andre ting har generelt lite føre seg.

Det å til slutt trekke parallellar mellom IS-kvinnene, ei som sit fengsla i Bolivia for narkotikasmugling og reiseforsikring er ei interessant affære, men det er ei øving i spagat som ikkje gir meining.

Les flere innlegg på smp.no!

Har eit ansvar overfor borna

IS-kvinnene har handla feil, dei har brote norsk og internasjonal lov, det må dei stå til rette for i ein domstol. Noreg har blant dei strengaste lovane i Europa kring framandkrigarar og terrorverksemd.

Haag kan ikkje gjere noko, vi kan. Vi har forplikta oss til å hente dei hit, straffeforfølgje og rehabilitere dei. Og vi har eit ansvar for å gi borna ein trygg og god oppvekst. Det er eit ansvar vi ikkje kan, eller skal, skyve frå oss.

Om Dyb no ynskjer å svare meg, noko eg oppfordrar til, så vonar eg at han held tru til religiøse og åndelege settingar og legg fakta til grunn for debatten.

Ein god kaptein skriv vel heller ikkje loggbok for skipet sitt basert på tru?

Gjermund Kvernmo Langset Styrmann, student, leiar Astud Ålesund og kandidat Ålesund AP

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.