I Norge har vi natur som er av stor verdi for menneske og dyr, for opplevingar og for energiproduksjon. Det er Venstre sitt klare mål å balansere energiproduksjon med bevaring av naturmangfald, jordvern, kulturminne og ivaretaking av kulturlandskapet.

Vi står midt oppe i ei omlegging av vår energiproduksjon. Inntil nyleg har Norge hatt nok energi frå vasskraft, ein svært rein energiproduksjon sett i høve til utslepp av klimagassar frå produksjon av straum frå fossile energikjelder.

FN og EU har sett klare mål om ein radikal reduksjon av utslepp av klimagassar for å stoppe temperaturauke på jorda. Som ledd i det grøne skiftet skal vi stanse bruk av fossil brensel på ei rekke område der slik brensel i dag er førsteval, ikkje minst innan transport. Det gjeld både bilar, ferjer og hurtigbåtar, arbeidsmaskiner, jernbane og fly. Venstre har klare politiske mål om konkret å gjere naudsynte tiltak for at dette skal realiserast.

Vasskraft kan utnyttast betre

Då kjem diskusjonen om kva energiformer som kan vere dei beste å satse på. Vasskraft kan enno utnyttast vesentleg betre ved mellom anna å effektivisere leidningsnettet.

Venstre meiner at vi må ta ut potensialet i energisparing og energieffektivisering, før nye naturområde vert bygd ned for energiproduksjon.

I tillegg må vi intensivere forskinga på vindkraft, på solceller og bølge-/tidevannskraft om vi skal nå målet om nok energi dekt frå ein utsleppsfri produksjon, altså utan fossil brensel.

Ei utbygging på Haramsøya må lokalt forankrast hos dei som på ulike måtar er råka. Det må vere gode prosessar der lokalsamfunnet er involvert og ulike perspektiv vert belyst. Haram kommunestyre har i sin høyringsuttale av 9. mai 2019 til MTA-plan og detaljplan for utbygging av vindkraft på Haramsfjellet uttrykt skepsis til korleis råka partar har vore varsla om høyringa, samt at ei 12 år gamal konsekvensutgreiing vert lagt til grunn for planen.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Støttar Haram

Støyvurderingar og avbøtande tiltak, samt risikovurdering av iskast vert også påpeika.

Vi støttar Haram kommune sine merknader til planen. Vi finn i tillegg grunn til å vere uroa over korleis omsynet til friluftsliv, kulturminne, jordvern og naturmangfald vert vareteke.

Spesielt kulturminne blir vesentleg utfordra om det vert vindkraftutbygging på Haramsøya, noko Møre og Romsdal fylkeskommune har påpeika og retta kritiske merknader om i brev til NVE av 10.05.19.

Fylkeskommunen har vår fulle støtte i det dei framfører i sitt brev.

Vi har hatt samtale med den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet, og dei har forsikra oss om at dei vil gå gjennom desse innvendingane.

Noko vi vil passe på vert følgt opp.

Kari Grindvik

Ordførarkandidat for Venstre i Ålesund

Pål Farstad

Fylkesordførarkandidat for Venstre i Møre og Romsdal

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.