Sist laurdag syda det i Volda sentrum. Marknad og musikk. Masse folk. Veldig mange smilande fjes. «Alle snakka med alle». Stor takk til arrangørar og alle som deltok! Laurdagane som kjem blir det ikkje slik. Ikkje kvardagane heller. Folkelivet i Volda sentrum er ikkje som det var for nokre år sidan. Kan vi gjere noko med det? Sjølvsagt kan vi det. Her er nokre forslag:

  • Fleire bustader i sentrum. Det er det aller viktigaste vi kan gjere. Tøffelavstand til tilboda. Bygge om og vitalisere bygga i Hamnegata ved ferjekaia med bustader oppe i etasjane. Bygge leilegheiter ved fjorden ut mot Andaneset.

  • Legge til rette for større utbyggingar for handel, kontor og bustader på Skjellebreia og busshaldeplassen. Byggehøgda kan godt aukast. Bygge kulturhus med kino, bibliotek og ungdomsklubb i sentrum, ikkje utafor sentrum. Fortsette Vakrare Volda-prosjektet. Vitalisere Sivert Aarflot-plassen. Utnytte sjøkanten. Ruste opp grøntområda inkludert kyrkjegarden.

  • Ta vare på trehusa og senke husleiga slik at ein opnar for kafear, galleri og nisjebutikkar. Gå meir på kino, kafé og restaurant. Bruke alle dei flotte kulturtilboda vi har. Invitere med venner og ta ein øl. Det går an å gå ut før midnatt. Få studentane ned i sentrum.

  • Og ta initiativ til fleire sentrumsarrangement som kulturvandring i Elvadalen, Pepparkakebyen og marknader slik som sist laurdag.

Gunnar Strøm

Voldapatriot og lokalpolitikar for SV

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.