Å byggje Stad Skipstunnel er å byggje framtida for Norge. Ein stor del av verdiane vi skal leve av i framtida er knytt til kysten og havet. Trongen for sjøtransport vil auke, og norsk maritim næring er heilt i verdstoppen med å gjere sjøtransporten utsleppsfri.

Les du statlege planar for samferdsle (Nasjonal Transportplan), står dei store byggeprosjekta for veg og jarnbane i kø. Dei samla summane er i 100-milliardersklassen. For sjøtransport er lista kort og summane langt lågare. Berre eitt prosjekt peikar seg ut: Stad Skipstunnel.

Stad Skipstunnel vil gjere sjøtransporten i Norge tryggare, meir effektiv og meir miljøvenleg. I dag deler Stad Skipstunnel norskekysten i to for alle skip mindre enn Hurtigruta: Det kan det no bli slutt på. Tunnelen vil også utløyse eit enormt vekstpotensiale innanfor reiseliv og opplevingar. Når dei store aktørane i næringslivet på Vestlandet, slik som Havila og Mowi (tidl. Marine Harvest) engasjerer seg så sterkt for Stad Skipstunnel - er det fordi dei ser og forstår potensialet tunnelen kan utløyse.

Kystverket har no lagt fram den lenge etterlengta dokumentasjonen på at Stad Skipstunnel kan byggjast innanfor den avsette ramma i NTP på 2,8 mrd NOK (2018-kroner). Kystverket syner no at fjellet er stabilt og godt, massene kan brukast rimelegare og bygginga kan skje smartare og enklare.

Venstre har vore ein pådrivar for å få bygd Stad Skipstunnel, fordi vi trur på sjøen som framtidas transportåre. Vi veit kor lenge kystfolket har kjempa for ein tunnel forbi Noregs farlegaste havstykke. Med denne nye rapporten meiner vi i Venstre at ventetida no må vere over. Startløyving må kome på statsbudsjettet for 2020, byggestart må skje i 2021 - og dei fyrste skipa sigle gjennom verdas fyrste skipstunnel i 2025.

Rapportane si tid må no vere over - no vil vi ha spaden i jorda for Stad Skipstunnel!