Innlegget er tilsvar til innlegget «Avlys klimahysteriet» av Frank Sve (Frp) publisert 17. juli:

Det skal ein sterk rygg til å bere fram ein bodskap om at temperaturendringane vi opplever på kloden ikkje er menneskeskapte, når så godt som all forsking viser det motsette. Det er eit stort ansvar å kalle det klimahysteri når både unge og gamle ber om politisk handling for at framtidige generasjonar skal kunne overleve. I dette spørsmålet er vi i SP djupt usamde med Frp.

Eg trur det er viktig å gjere så godt vi kan lokalt, regionalt og nasjonalt, for å bidra til å nå Parisavtalen sine mål og avgrense oppvarminga til under 2 grader samanlikna med førindustriell tid. Like eins å sikre naturverdiar og biologisk mangfald som er avgjerande for framtidig liv på kloden. Eg trur det hastar og eg trur vi må finne oss i nokre upopulære tiltak. Og at vi må jakte på dei løysingane som betyr mest, og vi må fordele byrdene mest mogleg rettferdig både nasjonalt og globalt. Rike land som Norge må ta sitt ansvar både heime og ute.

Ved dette kommune- og fylkestingsvalet kan ein alltids konkurrere om å vedta klimakrise – men det er jakta på løysingane som betyr noko. Så i SP vil vi ikkje skrote bypakkane, men sjå om vi kan få bygd ut kollektivtiltaka ved å sleppe bussen raskare fram og auke tilbodet. Vi vil halde fram med å arbeide for 0-utsleppsløysingar for ferje, båt, bussar og bilar, med å planlegge og bygge ut infrastruktur for elektrisitet, biodrivstoff og hydrogen. Vi vil arbeide for meir bruk av fornybar energi og vi vil definitivt auke skogplanting og beitebruk. Det er både billeg og effektiv CO2-binding og lagring. Men vi forventar at Regjeringa stiller opp og er med og finansierer omstillinga i samfunnet på ein heilt annan måte enn det vi har sett så langt. Statsministeren skryter av ENOVA-satsinga som berebjelken i omstillinga til det grøne skiftet. Viss ho ikkje har fått det med seg: For ferjedrifta i Møre og Romsdal utgjer ENOVA-støtta ca. 0,2 mrd. kr av totalt 1,7 mrd. som vi må investere i ferjekaier og ladestraum i tidsrommet 2018-2027. Resten må betalast av innbyggjarane og fylket, dvs. det går hardt ut over andre viktige tiltak i fylket vårt.

Dette blir for dårleg både når det gjeld miljøpolitikk, distriktspolitikk og fordelingspolitikk. Vårt fylke produserer og leverer varer og energi som kjem heile landet til gode, vi er det nest største eksportfylket – utan at vi har rekna inn verdiskapinga offshore. Da er det urimeleg at innbyggjarar og næringsliv nesten åleine må stå for kostnaden med omstillinga. Ein større del av statens inntekter frå olje- og gassektoren må dei neste åra brukast til å finansiere omstilling til fornybarsamfunnet og til å fordele byrdene meir likt mellom folk og mellom distrikt og til å utvikle ny teknologi, nye produkt, nye arbeidsplassar.

Kristin SørheimGruppeleiar for SP i fylkestinget

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!