For mange år sidan no gjekk den britiske serien «Javel, herr statsråd» på NRK. Den burde sendast med jamne mellom rom. I ei av episodane fortel departementsråd Humphrey statsråden om eit fabelaktig sjukehus som er kome i drift. Det fyller alle dei økonomiske, teknologisk og organisatoriske krav som styresmaktene har. Når statsråden spør om pasientane er like nøgde, blir departementsråden overraska og forvirra. Pasientar – nei det har sjukehuset sjølvsagt ikkje. Dei ville berre skape rusk i ein framifrå organisasjon.

Sett på spissen, men likevel svært så relevant. Og ein treffande parodi på helseføretaka. Organisasjonar som er etablert for å yte tenester til brukarar, anten det no gjeld helsetenester eller på andre område, kan stort sett halde seg forsynt med arbeid utan ein einaste brukar. Brukaren er nok tema i det meste som skjer, men i mindre grad som konkret mottakar av tenester. Svært mykje går med til det ein kalle for «systemtilfredsstillande arbeid». Det er arbeid som ikkje er retta mot brukaren, men mot krav og forventningar i organisasjonen eller hos sentrale styresmakter. Dess større organisasjonen er dess meir tid går med til slikt arbeid og ein heilt naturleg konsekvens av innføring av «New public management» (NPM) i offentleg forvaltning.

Etter NPM blir den direkte brukarretta delen av organisasjonen, dvs. dei som «produserer tenester», organiserte som «verksemder», som oftast i periferien av organisasjonen, med oppdrag som skal utførast, rapporterast og evaluerast innanfor gitte budsjettrammer. Det skal rapporterast frå «golvet» i og oppover i organisasjonen. Rapportar skal skrivast og kommenterast, og til slutt lesast av politikarar som skal styre det heile. Det som blir rapportert er stort sett det som kan talfestast og registrerast, med spesiell fokus på budsjettet og lite på dei kvalitative sidene ved tenestene. Rapporteringa samlar seg opp frå den enkelte arbeidstakar ute i organisasjonen, til leiarar på ulike nivå og endar opp som styringsinstrument på politisk nivå 3-4 gonger i året. Det høyrest svært så fint ut. Kanskje blir rapportane lest av politikarane, tekne til orientering og dei innbiller seg at dei styrer. Men alt blir stort sett som før.

«Vedkomande de søker er i møte. Er tilbake kl…..». Dette er standardsvaret vi får når vi freistar på telefonisk kontakt med ein eller anna i ein administrasjon. Møter er viktige informasjons- og styringsinstrument i NPM. Sunnmørsposten presenterte for ei tid sidan organisasjonskartet for «Nye Ålesund». Den var som om den skulle vore teke ut av ei lærebok om NPM, og har eit stort potensial for både for rapportar og møter. Teammøte, seksjonsmøte, avdelingsmøte, stabsmøte og for ikkje å snakke om budsjettmøte. I tillegg kjem alle uformelle konsultasjonar med kollegaer og leiarar. Alle møte handlar nok om oss brukarar. Og det er nok mange gode tankar og kva dei vil gjere for oss som både blir drøfta og nedfelt i referat, men som det ikkje blir noko av. Det er det ikkje pengar til. Dei har nok gått med til rapportskriving og møter.

I tillegg til å vere eit styringsinstrument for politikarane har rapporteringa ein juridisk funksjon. Det skal vere «in control» på at arbeidet som blir utført står seg i eventuelle juridiske søksmål mot kommunen og at det ikkje er gjort feil som kommunen kan klandrast for. Forvaltningslova har ikkje akkurat redusert talet på tilsette i kommunane og andre offentlege organisasjonar. Men med innføring av NPM har «forvaltningskulturen» i det offentleg endra seg frå å vere ein kultur basert på tillit til at tilsette gjorde ein samvitsfull jobb til ein kultur basert på styring, rapportering og kontroll. Det er vel tvilsamt om teneste til brukarane er blitt noko betre av den grunn.

Svensk TV hadde i fjor haust ein serie om den svenske velferdsstaten. I dette programmet blei ein australsk professor, som var ein av teoretikarane bak NPM, intervjua. Det han ikkje hadde sett føre seg var auken i bruken av administrative ressursar. Dette er eit vanleg resultat av alle reformer der ein innfører ulike variantar av NPM. Det blir tilført nye ressursar, men dei går stort sett med til å drifte sjølve organisasjonen og ikkje til fleire og betre tenester. Politireforma er det siste eksempelet på dette, og «Nye Ålesund» og dei andre kommunesamanslåingane blir nok dei neste. Når påtroppande rådmann i lova «lys i alle vindauge» på alle administrasjonsbygg, vil det heilt sikkert vere ein lovnad ho kjem til å halde. Og vel så det. Politikarar som lover færre byråkratar, må nok bite i det sure eplet, og om fire år konstatere at det er blitt fleire.

Karl J. SkårbrevikÅlesund

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!