Det kan faktisk sjå ut til at Helge Orten har berre ein tanke i hovudet vedkomande Nasjonal Transportplan, og det er Møreaksen.Orten stiller spørsmål om når eg har tenkt å forholde meg til Nasjonal Transportplan. Realiteten er at det er faktisk det eg gjer, ved å påpeike det faktum at E-136 er fyrsteprioritet i Nasjonal Transportplan her i fylket, og at Møreaksen ligg i siste del av planen stort sett milevis frå fullfinansiering. Det ser faktisk ut til at eg blir nøydd til å sende Orten kopi av NTP.

Då vil han kunne få med seg at der er fleire prosjekt her i fylket som er tidligare prioritert enn Møreaksen, og som også er meir økonomisk realiserbare. I perioden 2018-2023 er det faktisk E-136 Flatmark-Monge- Marstein og Brustugelia-Rødstøl- Oppland grense, i tillegg til krabbefelt Ørskogfjellet blant anna som er prioritert. Ingen av desse prosjekta har fått sine startløyvingar, og kampen innad i regjeringa må vere å få desse prosjekta starta opp.

Så er det slik, at det ikkje er Frank Sve aleine som ynskjer utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen, men eit samla fylkesårsmøte i Møre og Romsdal FrP gjennom vedtak der. Helge Orten kan berre halde seg for god til å forsøke å styre Møre og Romsdal FrP sin politikk. Vi er godt vande med ein viss «høgrearroganse» men dette kan Orten og andre berre leggje av seg umiddelbart.

At vi som parti ynskjer å lytte til næringslivet og innbyggjarane her i fylket vedkomande ulike samferdselsløysingar, og ny teknologi er fullstendig sjølvsagt for oss i FrP. Vi vil utgreie flytebruer og Romsdalsaksen så raskt som råd, og håper det nye fylkestinget vedtar dette i haust. FrP vil gjere det vi kan også for å, « ta omkamp på bompeng/bypakkane til Høgre og andre her i fylket» Dette er verken uryddig eller skapar usikkerheit, men er eit klart krav frå folk flest mot denne ekstraskatten som bompengar faktisk er. Desse bypakkane ligg heller ikkje prioritert inne i verken NTP eller i fylket sitt investeringsprogram. Dette er også ei sak som engasjerar store delar av befolkninga og næringslivet her i fylket og i resten av landet. Elles så snakkar også eg med samferdselsministeren og andre av våre regjeringsmedlemmar. Men i vårt parti er det ikkje regjeringa som styrer vår politikk, det er det våre styrande organ slik som landsstyret og vårt landsmøte som gjer. Derfor arbeidar eg og Møre og Romsdal FrP, mot bompengar og bypakkar, for utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen, uansett kva du eller dine i regjering måtte seie.

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!