Fødeavdelingar, sjukehus og rehabiliteringsinstitusjonar står i fare over heile landet vårt takka vera eit helsebyråkrati og ein politikarstand som lever sitt eige liv. Sentralisering, helseføretaksmodellen og NPM øydelegg mykje på sin veg og etterlet seg raserte fagmiljø, mindre helsetryggleik spesielt ute i distrikta og det er sjølvsagt pasientane som vert sitjande med Svarte Per.

I Follebu, Gausdal ligg viktige Granheim, spesialsjukehus og rehabiliteringsinstitusjon for lungesjukdomar. Dette er føreslege nedlagd og plassert i 12 etasje på Lillehammer sjukehus, utan ryggdekning frå fagmiljøet. Granheim har gått med overskot så kva er den økonomiske gevinsten? Sentralisering igjen?

Å leggja ned og sentralisera tilbod som det Granheim Lungesjukehus kan tilby er som å gå baklengs inn i framtida. Granheim gjev unikt tilbod om utgreiing, førebyggjing, behandling og rehabilitering - alle delar like viktige for å kunne leva eit godt og verdig liv som lungesjuk.

Det er godt kjent at rehabilitering fungerer best både psykisk og fysisk når den skjer i nærleiken av natur og ikkje i ei stor betongblokk av eit sjukehus.

Det er frustrerande at fagmiljø etter fagmiljø skal øydeleggjast og at det alltid går seg negativt ut over den mest sårbare parten, pasientane.

Kjære helseminister, stopp denne nedleggjinga av eit unikt tilbod til ei særs sårbar pasientgruppe.

Helseminister Høie, om du lurer på korleis det er å vera råka av alvorleg KOLS, så kan du tenkja deg å gå opp ei trapp i sterk varme der du berre pustar via eit sugerøyr, 24/7/365.

Stopp raseringa av tilbodet som Granheim gjev!