PDK vil støtte opp under arbeidet med å gjere nye Ålesund om til ein kommune som verkeleg set borna i høgsetet. Den bruk av barnehagar vi ser rundt oss i dag er først og fremst til for å avhjelpe det tilsyn som dei små treng medan foreldra er på arbeidd. Slik greier vi å behalde ei høg sysselsetting, doble inntekter og høgt forbruk.

Spørsmålet blir så om barnehagen er til beste for dei små? Neppe, og det har fleire av oss meint lenge, men det har vore å snakke for døve øyrer. No kan det sjå ut som om fleire er på glid og er i ferd med å erkjenne at det er kanskje ikkje heilt roseraudt.

Den gamle SV veteranen Torhild Skard, som sjølv er psykolog og var aktiv politikar, meiner at eitt- og toåringar ikkje høyrer heime i barnehagen. Foreldre som vel å vere heime med eigne eitt- og toåringar bør få opparbeidde pensjonspoeng. Samfunnet må tilgodesjå at mor får meir tid i lag med babyen sin. Likeins meiner professor i utviklingspsykologi Lars Smith at små barn blir utrygge og vil kunne få tilpassingsproblem seinare i livet. Overlege Gro Nylander slår og alarm om at mange unge barnehage barn har høgt nivå av stresshormon og det er ikkje bra. I 2016 var det over 43 000 eittåringar i barnehagen.

PDK meiner at mor har systematisk vorte nedvurdert i kampen for likestilling og at alle kvinner skulle ut i arbeidslivet. Det politiske landskapet må stort sett ta ansvar samla, sjølv om Ap og venstresida var i første linje med å rive heimen ned, så har deler av borgarleg side vore svært uklare. Vi må erkjenne at barnehagar kjem for tidleg inn i små barns liv. Denne skapte omsorgskrisa har ført med seg sideeffektar som kanskje kjem fram når barnet blir ungdom.

Derfor vil PDK innføre maksimaltid- og vi seier nei til døgnopne barnehagar. PDK vil legge til rette for at foreldre som ønsker det, sjølve kan ta seg av sine born, medan dei er små. Vi vil og behalde eingongsstønaden til mødrer utan rett til barselpermisjon.

Ole G. Steen – Johan Gjendemsjø – Merete NykremPDK Ålesund

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!