Mange har delteke i debatten i denne saka. Eg vil gje ros spesielt til Aud Farstad og Ottar Grepstad saman med representantar for Noregs Mållag. Gode og solide argument for at her må Høgre endeleg ein gong akseptere nynorsk. Berre ein gong på godt 130 år har Høgre gjort noko for nettopp nynorsken: Opprettinga av Nynorsk kultursenter i Volda i 2004. Eg skal ikkje fylle avisspalta med dei mange flotta argumenta som har kome til uttrykk for nynorsk så langt.

Sjølv har eg gjennom fleire tiår engasjert meg i det meste knytta til språket vårt. Det er vårt viktigaste kommunikasjonsmiddel. Nynorsk er eit tenleg språk særleg for oss som høyrer heime i ein landsdel som Sunnmøre, der nynorsk for dei fleste fell mest naturleg. Så hadde vi også Ivar Aasen då….

Eg avsluttar med sitat frå Ottar Grepstad: «Ålesund Høgre har avslørt seg sjølv. Språknøytral er berre politisk opportunisme her og no. Dei seier nøytral, men meiner bokmål, som dei alltid har gjort.» (Opportunisme = ta omsyn til krav og fordelar her og no, ikkje til prinsipp og ideelle grunnsetningar).

Ragnar Elias BakkenØrskog

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!