Lesarinnlegg:

«Nei til vindkraftverk på Haramsøy»

Om ein skal følgje rettleiing for støy og avstand til bebyggelse så er det ikkje plass til vindmøller på Haramsøya, skriv Knut Hallvard Ulla i dette lesarinnlegget.

Vindmøller: Naturinngrep: Slik kan vindmølleparken på Haramsfjellet kome til å sjå ut. Illustrasjon: Zephyr AS/ bildet er manipulert  Foto: Zephyr AS

Leserinnlegg

I den planlagde utbygginga av vindkraftverk på Haramsøy er turbin nr 1 tenkt plassert berre 560 meter frå bygningar på Ulla. Det har aldri før blitt godkjent oppsetting av vindturbinar så nært bebyggelse i Norge. Dette vil føre til støy over godkjent grenseverdi og eit skjemmande industrianlegg 300 meter rett over bygda og ei rekkje andre negative konsekvensar.

I 2014 gav Miljødirektoratet (MDIR) ut rettleiing for støy og avstand til bebyggelse. Der er det gitt råd om at vindturbinar ikkje skal plasserast nærare enn 800-1000 meter frå der folk bur. I andre land i Europa er det krav om langt større avstandar enn 1000 meter til bebyggelse.

Vindkraftverk bør tilbake til departementet, meiner fylket

Detaljplanane om vindkraftverk på Haramsøya avvik sterkt frå konsesjonsvedtaket i 2008, meiner fylkeskommunen.

– Dette er ikkje ein vindmøllepark, det er eit industriområde

Fryktar støy døgnet rundt

Planar om 150 meter høge vindturbinar skaper uro på Nordøyane.


Utbyggingsselskapet Zephyr har ikkje teke omsyn til denne rettleiinga. I miljø-, transport- og anleggsplanen som no er til behandling i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), foreslår Zephyr å flytte turbin nr 1 med 50 meter for å imøtekome Haram kommunestyre sitt vedtak om såkalte avbøtande tiltak. Dette kan berre oppfattast som eit hån mot lokalbefolkninga. Det er framleis ikkje teke omsyn til rettleiinga frå NVE og MDIR.

Kommunen vil flytte to vindturbinar på Haramsøya

Mindretalet vil fjerne den eine turbinen heilt.


Poenget er at mellom bebyggelsen på Ulla og bebyggelsen på Haram er det om lag 2000 meter. Med ein avstand på 1000 meter frå Ulla og 1000 meter frå Haram mot fjellet blir det 0 meter til å plassere vindkraftverk på Haramsfjellet ved å ta i bruk NVE og MDIR si rettleiing.

Med andre ord: Det er ikkje plass til noko vindkraftverk på Haramsfjellet. Sjå kart nedanfor.

Kart ulla  Foto: Innsendt

Knut Hallvard Ulla
Aksjonsgruppa Nei til vindkraftverk på Haramsøya

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!