Mat er det aller mest basale behovet menneska og alle andre som lever her på jorda har. Denne maten kjem frå ein stad, han kjem frå jorda og frå vatna og hava. Slik inngår vi alle i kretsløpet som er så livsviktig og så veldig sårbart. Det å kultivere jorda og landskapet for å produsere mat er noko vi menneske har gjort i mange tusen år. Slik er bondeyrket både det eldste og det viktigaste yrket vi har. Kunnskapen bøndene har om jord, om dyr, om plantar, om alt som ligg i mellom og om korleis samanhengane og kretsløpet fungerer, er heilt sentral for at vi alle skal få mat på bordet. Denne kunnskapen som bøndene har i hovudet, i hendene og i ryggmargen, er så viktig for at vi skal få god mat og nok mat utan at jord- og vassressursane vert øydelagde.

Vi i SV jobbar i kommunestyre , i fylkesting og på stortinget for å legge til rette for at bøndene skal kunne produsere mat over heile landet. Vi vil legge til rette for å halde på og utvikle det sterke landbruksfaglege miljøet i fylket gjennom levande bygder der gardsbruk i aktiv drift er berebjelken. I levande bygder med eit aktivt landbruksmiljø vert den lokale kunnskapen om dyrehald og bruk av utmark og innmark teken vare på og formidla vidare til nye generasjonar. Samarbeid og fellesskap bøndene i mellom er viktig for den einskilde bonde. Slike nettverk ynskjer vi i SV å trygge gjennom jordvern og ved å oppretthalde bu- og driveplikta og gode stønadsordningar til gardsbruk i aktiv drift. Vi går inn for å ruste opp bygningane og styrke fagmiljøet på landbruksskulen på Gjermundnes – slik at skulen også i framtida skal utdanne agronomar med god og viktig kunnskap om det å drive gard.

Både gjennom eit godt og lærande fagmiljø bøndene i mellom og gjennom ein god landbruksskule sikrar vi at vi framleis har god dyrevelferd i fylket, og eit landbruk som held både dyrkajord og utmark i hevd. SV vil og jobbe for gode og fleksible offentlege tenester, breiband og trygge vegar over heile fylket. Slik kan vi vere med på å legge til rette for levande bygder og gode bumiljø for dei som driv gard. SV vil legge til rette for framleis bruk av utmark til matproduksjon gjennom å trygge beiteområde i kommunale reguleringsplanar, gjennom arealbruk og gjennom å trygge beitedyra og beiteområda i samband med auka turisme.

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!