Ålesund vil vere sunnmøringane sin by. Det er bra, endå om det kan vere ulike meiningar om i kva grad alle sunnmøringar identifiserer seg med byen. Det store fleirtalet av oss sunnmøringar har nynorsk som morsmål, og frå nyår har både politikarane og resten av innbyggjarane i nye Ålesund sjansen til å syne at dei respekterer og er stolte av det.

Desse tre er ikkje aleine. Lista over forfattarar som i lyrikk og prosa har vore med på skape den sunnmørske identiteten, er lang. Tenk på Ingebrigt Davik si rolle i skulen, Bernt Støylen og Berte Kanutte Aarflot i kyrkja, Marie Lovise Widnes i lyd og lag, Arthur Klæbo si legendariske røyst i NRK Finst det ein vaksen sunnmøring som ikkje kjenner til Ro stilt langs med landet av Henrik Straumsheim? Og har det vore skrive ei vakrare gravtale enn Marie Takvams Tale ved båra til ein vestlands-småbonde? For ikkje å snakke om Maria Parr, i ferd med å bli Noregs svar på Astrid Lindgren.

Alle desse er skjønnlitterære forfattarar. Ingen av alle dei framifrå nynorske sakprosaforfattarane, (lokal)historikarane, song- og musikkgruppene og journalistane som hadde fortent ein plass, er nemnde her.

Det er denne sunnmørske kulturen og identiteten det nye Ålesund no har ein historisk sjanse til å lyfta fram utan at ein einaste ålesundar treng å gi avkall på bokmål. Slik kan Ålesund bli eit førebilete for andre byar; ein by der dei to norske språka nynorsk og bokmål ikkje berre lever i fredeleg sameksistens og gjer kvarandre rikare, men også lyfter Ålesund til ein rikare by. Eg vonar folket og politikarane i det nye Ålesund grip denne historiske sjansen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!