Grenda Røyrhus i Sunnylven i Stranda kommune har vore utan telefonkontakt i nettet for fasttelefon i fleire veker i sommar.

Etter kontakt med Telenor sin kundeservice fleire gongar, av fleire personar, har vi oppnådd tre ting:

  • Fått ulike referansenummer for sakshandsaming.

  • Hatt samtalar med hovudsakleg hyggelege personar i Telenor.

  • Fått tilbakemelding om at linja blir IKKJE reparert, fordi all fasttelefon skal utfasast innan 2023.

Dette er rett og slett arrogant oppførsel av selskapet Telenor.

Bakgrunn:

  • Ved eit arbeidsuhell under innhausting kom ein av gardbrukarane på Røyrhus bort i ein av stolpane for telefonlinja. Dette førte til at stolpen svikta, linja vart strekt og fleire av nabostolpane vart knekt av, noko som igjen førte til at sjølve telefonlinja vart kutta tvert av.

  • Ved inspeksjon av montørar, konstaterte dei at stolpane var så gamle at dei i så fall måtte skiftast ut. Dette vart for dyrt.

Kvifor brotna stolpane?

Desse stolpane vart sett opp i 50-åra, då alle skulle få telefon. Etter dette har det ikkje vore vedlikehald eller utskifting av desse stolpane, berre registrering av alderen på dei.

Grunneigane på Røyrhus stilte i si tid grunn gratis til rådvelde (slik som alle andre stader), då alle såg på dette som viktig for framtida.

Den tida var det også lovpålagt å bygge ut telenettet, utført av Televerket. No er den lovpålagde delen av dette fjerna, difor kan Telenor skjule seg bak det. Dette er dei politiske styresmaktene no som har ansvar for.

Såleis kjem dette problemet inn i ein mønster, der folk i utkantane heile tida blir behandla med meir arroganse enn dei som har tettare kontakt med makta. For å oppretthalde truverde hos kundane i utkantane må Telenor ta tak i dette, gjennom å utføre reparasjon av fasttelefonnettet fram til det blir utfasa.

Fasttelefonnettet er også eit trygt alternativ til mobilnettet, når mobilnettet blir slått ut av lyn og torever.

Det er framleis personar, både i utkantane og sentralt, som brukar fasttelefon. Dette bør både teleselskapa og styresmaktene vere klar over. Då forventar ein at desse også blir vist den respekt som dei har krav på, med å halde nettet oppe fram til avvikling.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Inge Røyrhus på Hellesylt i Stranda kommune. Foto: Knut Arne Aarset