Takk til Høgre sin ordførarkandidat Dag Olav Tennfjord for forsvarsskriftet han presenterer i Smp 5. august. Eg reknar meg mellom dei svaret er mynta på. Høgre held fram som før: Alt som har med nynorsk å gjere, går ikkje saman med partiet sine grunnhaldningar og historiske prioriteringar. Ein gong på ca 140 år partiet støtta ei nynorsksak – 2003 Nynorsk kultursenter.
«Vi vil at du skal få velge sjøl»
Vil ha språknøytral storkommune
Eg lanserte Ålesund som eit kraftseter for nynorsken i landet vårt. Sunnmøre er eit slikt senter alt no. Vi vil gjerne ha byen vår med på dette lasset. Det skulle la seg gjere også utan Høgre og Tennfjord si støtte. Er den rause haldninga forkjemparane for ny og stor kommune snakka om tidleg i prosessen, i ferd med å gå i gløymeboka?
«La nye Ålesund bli eit kraftsentrum for nynorsken i landet vårt»
«Ålesund som språkleg føredøme»
-------------------------------------------
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.