Takk til Høgre sin ordførarkandidat Dag Olav Tennfjord for forsvarsskriftet han presenterer i Smp 5. august. Eg reknar meg mellom dei svaret er mynta på. Høgre held fram som før: Alt som har med nynorsk å gjere, går ikkje saman med partiet sine grunnhaldningar og historiske prioriteringar. Ein gong på ca 140 år partiet støtta ei nynorsksak – 2003 Nynorsk kultursenter.

Eg lanserte Ålesund som eit kraftseter for nynorsken i landet vårt. Sunnmøre er eit slikt senter alt no. Vi vil gjerne ha byen vår med på dette lasset. Det skulle la seg gjere også utan Høgre og Tennfjord si støtte. Er den rause haldninga forkjemparane for ny og stor kommune snakka om tidleg i prosessen, i ferd med å gå i gløymeboka?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Innleggskrivaren meiner Dag Olav Tennfjord (H)kjem med hule argument for språkleg nøytralitet. Foto: Staale Wattø