I vekevis har pressa fråtsa i spørsmålet om Märtha Louise burde seie frå seg prinsessetittelen i dei tilfella ho hadde økonomisk vinning av tittelen. Til slutt har prinsessa gitt etter for presset frå journalistane og sagt frå at ho vil ikkje kalle seg prinsesse i økonomiske saker.

Etter mitt syn har journalistane ingen grunn til å vere stolte. Heile aksjonen vitnar om kor lite rause visse grupper kan vere. Ho har til og med fortalt eventyr for det norske folk! Skrekk og gru!

Ein kan spørje om professorar og advokatar som opptrer som sakkunnige, ikkje tener gode pengar på tittelen sin? Dersom likskapsmanien skal råde, skulle det ikkje vere nokon skilnad på dei krava som skal stillast til professorar, advokatar og prinsesser. Og om vi ser bort frå kravet om likskap, bør vi spørje om det er nokon som kan vise til eit jordisk samfunn som er utan forskjellar. Som kjent var standsforskjellane større til og med i sovjetsamfunnet enn i den moderne vestlege verda.

Jostein FetVolda

--------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!