Torsdag 8. august hadde avisa den største alkoholreklamen i si historie. Mest heile framsida hadde kjempedekning av bilde med utstyr for ginproduksjon, og gründeren sjølv, og inni avisa var nesten to sider med tekst og bilde om produksjonsopplegget for alkohol.

Sykkylvsområdet har i generasjonar vore kjent for nøysomheit, sterk arbeidsinnsats og skaparevne av møblar og utstyr til hjelp og nytte for folk, og stor edruelighet og pietisme. Ekornes og fleire av møbelfabrikantane var kristne gründere, og starta små kjellarbedrifter rundt om i heimane sine i tidlegare tider, for å skaffe arbeid både til seg sjølv og bygdefolk.

Sjukehus, helseinstitusjonar og avrusingsstader har fullt køyr hele året igjennom med å behandle og prøve å rehabilitere folk med store alkoholskadar, men det hjelper mange gonger altfor lite, og forårsakar i altfor stor grad ein tidleg død, og heimane til desse sit igjen med alle problema dette medfører.

Dette sørger Sunnmørsposten nå å herleggjere som et positivt lokalt initiativ i nærområdet og produksjonen skal liksom vere nytenkande med smaker som skal minne om Sunnmøre. Til ein total misoppfatting og villeiande påstand! Alkohol har aldri vore ein positiv drikke, og har langt fleire skadeverknader ein folk flest er klar over. Ingen drikk har forårsaka så mange tragediar som alkohol.

Det var mykje betre om avisa intervjua folk som hadde opplevd alkoholens forbanning og komme seg på rett kjøl igjen. Det er forbod mot alkoholreklame i Norge, men det ser ut til at avisa gir blaffen i. Eg har snakka med fleire som synest at avisa går langt over streken i reportasjane om alkoholhaldige drikker, og vil sterkt anbefale at avisa droppar slike skriverier for framtida. Slike reportasjar fører til at folk skal prøve det, og avisa kan bli skyld i at fleire tragediar blir resultatet.

Arild Norvald StoksethÅlesund

--------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!