«Fylkesvegar»

Treng opprusting: Regjeringa har ikkje bevilga nok pengar til å kunna ta igjen behovet for vedlikehald, skriv Anders Røyseth i dette innlegget.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Fleire stadar i Noreg er det eit stort vedlikehaldsetterslep på fylkesvegane. Det samla etterslepet er på om lag 70–80 milliardar for heile landet. På Aust- og Sørlandet er etterslepet konstant medan det aukar på Vestlandet og i Nordnoreg.

Regjeringa har ikkje løyvd nok pengar til å kunna ta igjen behovet for vedlikehald. Dei vel å fokusera på riksvegane. Men i fleire fylke er det eit stort behov for betre vedlikehald, Mange fylkespolitikarar har sagt at bevillingane ikkje strekker til. Berre i Møre og Romsdal er etterslepet på 8 milliardar kroner. Dei seinare åra har etterslepet auka drastisk. Dette syner at bevillingane som fylkeskommunane får ikkje er nok.

Behovet er størst i vest og nord, men også Trøndelag har stort etterslep.

I Herøy kommune på Sunnmøre er det fleire bruer som treng oppgradering. Fleire av desse vart bygd på 1950-talet. Slik er det også andre stadar på Nordvestlandet. Ifølge Sunnmørsposten vil det ta nærare 10 år å ta igjen dette etterslepet. Vestlandsfylka har mange lange tunnelar og bruer. Det er meir krevjande økonomisk å vedlikehalde ein tunnel eller ei bru enn ein veg som går i flatt terreng.

Til dømes er det fleire tunnelar som har dårleg lys, manglar bommar eller ikkje har oppdaterte naudtelefonar.

Eit anna døme på ein post som regjeringa ikkje prioriter høgt nok, er sikring mot ras. Tidlegare i år valde regjeringa å kutta i løyvingane til rassikring. Dette viser berre at den blågrøne regjeringa ikkje tek situasjonen på alvor. Der er mange vegar som har behov for utbetring når det gjeld sikring mot ras.

Gode og trygge vegar er nødvendig for å kunne bevara busetnaden over heile landet. Samferdselsministeren seier at fylka må prioritera vedlikehald framfor og byggja nytt. Eg meiner regjeringa og samferdselsministeren skyv frå seg ansvaret. Fleire stadar er fylkespolitikarane god på å prioritera vedlikehald av vegstrekningar. Men ein må og kunne byggja nye vegar samstundes som ein held ved like dei ein allereie har.

Regjeringa bør auka bevillinga til fylkesvegane, særleg i vest og nord der etterslepet har auka drastisk dei siste åra. Det er jo her store delar av næringslivet vårt er. Og regjeringa hevdar sjølve at dei vil satsa på utvikling i heile landet. Men det verkar ikkje slik.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!