Lesarinnlegg:

«Når rotråta tar oss»

Naturvernforbundet: Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.   Foto: Per Tormod Nilsen

Ytring

Skogbruket ottast for at vi gjer for lite med rotråta. Dermed rotnar granskogen på rot. Særleg viss ein planter ny granskog der det har vore granskog før. Kanskje er problemet eit heilt anna?

I områda der granskogen er naturleg finst det granrotkjuke, ein sopp som er skuld i at kvar fjerde rotstokk av gran har råte.

Rotkjukene skaper råte inni stokken. Når treet blir hogd, vil soppsporane kunne infisere friske stubbar i området, og spreie seg til skadde område på trea som står igjen. Soppen går også i røtene, og kan dermed spreie seg til nærliggande tre. Rotråte er mindre vanleg i naturskog og i skog i høgareliggande område. Der er det dessutan fleire soppartar som tar for seg litt kvar, i staden for den eine som gjer stor skade aleine.

Tett planting, mykje aktivitet i skogen som gir skader på ståande tre og hogst når det ikkje er vinter ser ut til å auke faren for rotråte.

Skogbruket er klare på at noko må gjerast med rotråta. Men er ikkje dette ei åtvaring til oss alle? Når planteskogen rotnar på rot og naturskogen er mykje mindre utsett, bør vi ikkje då interessere oss meir for naturskogen? Ein sunn og god skog for trea som står der er gjerne ein skog med forskjellige treslag som står glise nok til at sola når ned til bakken.

Når moderne hogst gjer at skogen ser ut som ei slagmark og det blir hogd til alle årstider, er det ikkje andre alternativ? Hogst om vinteren når det er frost i bakken er førebyggande, og då får småfuglane som har reir i skogen meir fred i yngletida.

Eit skogbruk som er snillare med skogen og dei som bur der er eit anna skogbruk. Skogbruket vil sikkert seie at det ikkje vil løne seg. Det er greitt det. Men det er mykje som tyder at det i grunnen ikkje løner seg å halde på slik som vi gjer no heller. Viss våtare og varmare klima fører til at rotråta spreier seg i stort omfang på Vestlandet og vidare nordover, vil det også ha sin kostnad. Konklusjonen er gjerne at vi for å overleve som menneske må gjere ting på ein annan måte. Viss rotråta får oss til å innsjå det, så er det kanskje greitt med litt rotråte.

Elles er det ikkje plikt til å plante gran der det er hogd gran på Vestlandet. Samfunnet har skrive under på avtalar (Aichimåla) om at dei skal slutte å spreie artar med menneskeleg hjelp. Planteplikta går ikkje lenger enn at ein skal oppretthalde den skogproduksjonen som var der før grana blei planta. Det vil oftast seie ei blanding av furu og lauvskog i våre område, ein skogtype med lite rotråte. Skogbrukssjefane, som offentlege tenestegjerande, skal difor hjelpe skogeigarar til å slutte med gran på Vestlandet, ikkje gje folk kjensle av at dei gjer noko ulovleg viss dei ikkje planter gran.

Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!