Lesarinnlegg:

«Sunnmørsposten og alkoholreklame»

Alkohol: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Ytring

Torsdag 8. august hadde avisa den største alkoholreklamen i si historie. Mest heile framsida hadde kjempedekning av bilde med utstyr for ginproduksjon, og gründeren sjølv, og inni avisa var nesten to sider med tekst og bilde om produksjonsopplegget for alkohol.

Sykkylvsområdet har i generasjonar vore kjent for nøysomheit, sterk arbeidsinnsats og skaparevne av møblar og utstyr til hjelp og nytte for folk, og stor edruelighet og pietisme. Ekornes og fleire av møbelfabrikantane var kristne gründere, og starta små kjellarbedrifter rundt om i heimane sine i tidlegare tider, for å skaffe arbeid både til seg sjølv og bygdefolk.

No skal det produserast gin og også endå sterkare alkoholhaldige drikkevarer i området. Alle vi som har levd ei stund veit at alkohol er eit nedbrytande og vanedannande stoff, som har tatt livet av tusenvis av menneske og øydelagt mange heimar rundt om i Norge. Skadane av alkohol og dei negative ringverknadene dei gir, beløper seg kvart år til milliardar av kroner og ingen har nok full oversikt over all elendet dette medfører.

Gin med ein smak av Sunnmøre:

Sterk satsing i Straumgjerde

Harald Strømmegjerde har ein hobby noko utanom det vanlege. No satsar han stort på den, og opnar fylkets fyrste gindestilleri i sin eigen garasje i Straumgjerde.


Sjukehus, helseinstitusjonar og avrusingsstader har fullt køyr hele året igjennom med å behandle og prøve å rehabilitere folk med store alkoholskadar, men det hjelper mange gonger altfor lite, og forårsakar i altfor stor grad ein tidleg død, og heimane til desse sit igjen med alle problema dette medfører.

Dette sørger Sunnmørsposten nå å herleggjere som et positivt lokalt initiativ i nærområdet og produksjonen skal liksom vere nytenkande med smaker som skal minne om Sunnmøre. Til ein total misoppfatting og villeiande påstand! Alkohol har aldri vore ein positiv drikke, og har langt fleire skadeverknader ein folk flest er klar over. Ingen drikk har forårsaka så mange tragediar som alkohol.

Sunnmørsposten har også tidlegare hatt reportasjar om lokal ølproduksjon rundt om på Sunnmøre og også sunnmøringar som har kjøpt vinmarker i Italia for vinproduksjon. Har Sunnmørsposten ein agenda for denne utbreidde reklamen for alkoholhaldige drikkevarer? Vi som har sett og opplevd litt av all elendet alkoholen har forårsaka, og engasjert oss i kampen mot tragediane dette har ført til, føler oss motarbeidd og tråkka på av slike reportasjar i avisa.

No kan du snart få tak i så godt som alt som finst av øl i landet på Moa:

Eit lite mekka for ølinteresserte

I midten av mars startar det opp ein spesialisert ølbutikk på Moa. Drivaren ønskjer å skape ein møteplass for ølinteresserte.



Øl brygget på rød tare:

Vitenskapelig eksperiment skapte en helt ny øl

Tare kan brukes til så mangt – har du hørt om tare-øl, for eksempel?


Det var mykje betre om avisa intervjua folk som hadde opplevd alkoholens forbanning og komme seg på rett kjøl igjen. Det er forbod mot alkoholreklame i Norge, men det ser ut til at avisa gir blaffen i. Eg har snakka med fleire som synest at avisa går langt over streken i reportasjane om alkoholhaldige drikker, og vil sterkt anbefale at avisa droppar slike skriverier for framtida. Slike reportasjar fører til at folk skal prøve det, og avisa kan bli skyld i at fleire tragediar blir resultatet.

Arild Norvald Stokseth
Ålesund

--------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!