Lesarinnlegg:

«Er vindkraft grøn energi?»

Haramsfjellet: Slik kan vindmølleparken på Haramsfjellet kome til å sjå ut. Forfattaren av innlegget meiner energien vindmøllene vil produsere ikkje kan karakteriserast som grøn energi. Illustrasjon: Zephyr AS/ bildet er manipulert  Foto: Zephyr AS

Leserinnlegg

Ingen kan lenger hevde at vindkraft er grøn energi når:

  • Det går med enorme mengder metall for å produsere gigantmastene.
  • Sjølve produksjonen av mastene er svært forureinande.
  • Det vert gjort svære inngrep i naturen ved vegbyggjing og energianlegg, ubotelege sår i landskapet. Det er faktisk vanskeleg å sjå for seg KOR omfattande dei eigentleg vert!
  • Store mengder med insekt vert drepne, og økosystemet vert skadelidande.
  • Kjemikaliar som jamnleg som må brukast for å halde rotorane reine, renn ut i naturen og drep det som enno måtte finnast av liv i vegetasjonen rundt anlegga. I « Kartleggjing av naturtypar i Haram kommune» (2005) side 33 les ein at nettopp området på Haramsfjellet er særs interessant og av stor internasjonal verneverdi , som eit av dei finaste og viktigaste terrengdekkande myrområde i Norge! Men kva skjer? Korleis forvaltar vi våre ressursar?
  • Store mengder fugl vert drepne. Dette talet går rett nok ned etterkvart, naturlegvis fordi fuglane vert borte!
  • Ørnebestanden vert effektivt «fjerna»
  • Tap av rekreasjons-og turområde vert omfattande og vert eit stort sakn for mange.
  • Den visuelle forureininga er verkeleg ei sak for seg, så tett på som dei planlage vindmøllene på Haramsfjellet er, og rammar alle som bor på Nordøyane.
  • Same kvar ein plasserer vindturbinane, vert støyen for sterk og helseskadeleg.
  • Område med storleikar som fotballbaner vert sementert, rundt kvar enkelt vindmølle!
  • Dei økonomiske utgiftene til produksjon av mastene har gått mykje ned siste åra. Det er bra...men for kven??
  • Etter maks 20 år må rotorane skiftast ut, og gravast ned, kvar helst? Det er enorme dimensjonar vi snakkar om her, og det vil verte svære «gravhaugar» vi etterlet oss! I Danmark må ti tusen propellar fasast ut i løpet av dei neste tiåra (Vårt land,26.juli, Lars Gilberg) Litt av ein «søppelhaug» å handtere....

I det landet arbeider dei med å redusere antal vindmøller. Her i landet har dei det travelt med å bygge nye anlegg! Det er klart at sterke økonomiske ( og neppe miljøbevisste) interesser står bak dette. Det er ganske skremande!! Vi har så stor kunnskap, men likevel så liten forstand, og let oss forblinde av kortvarig økonomisk profitt.

Kolkraft er verre enn vindkraft, lat det vere sagt, men om heile Norge vart dekt av vindmøller, ville det verte produsert berre ein prosent av Europas energibehov!! ( Vårt land, 26. juli, Lars Gilberg) Kunne det vore ein ide å bruke meir effektivt det ein alt har, ein slags «gjenbruk» av eksisterande energikjelder? Og det vert forska som aldri før på energifronten, heldigvis, men for seint til å redde Haramsøya?

Raja: – Norge har straum så det tyt ut av øyra

Venstre vil gjere det dei kan for å stoppe vindkraftplanane på Haramsøya.

Lesarinnlegg:

«Det er ikkje plass til noko vindkraftverk på Haramsfjellet»

Om ein skal følgje rettleiing for støy og avstand til bebyggelse så er det ikkje plass til vindmøller på Haramsøya, skriv Knut Hallvard Ulla i dette lesarinnlegget.


Når utbyggjing av vindmølleindustrien likevel held fram, må det stå mektige selskap bak, ingen tvil om det. > Men korleis i all verda kan lokale politikarar i Haram vere på lag med desse investorane, når vi ser på omfanget av alle dei negative konsekvensane ei nedbyggjing av fjellområdet vil få? Ser dei verkeleg ikkje andre verdiar enn dei reint økonomiske?

Og kvar er alle dei gode argumenta for vindkraft?

Korleis «kan en redde naturen og livet der ved å ødelegge den?» (Lars Gilberg, Vårt land) Det er all grunn til å stå opp mot anlegga som er planlagde på Haramsfjellet. Raseringa av Haramsfjellet kan vere heilt til inga nytte. Til inga nytte!

Omkamp om vindkraft

– Vindkraftindustri må flyttast lenger frå befolkning, kulturminne og stolt og kjær natur, krev motstandarane av vindturbinane på Haramsøya og varslar demonstrasjon.


Vinninga er minimal, « prisen» er kolossal!

Kari Alvhild Haram
Haramsøy

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!