Endeleg dukka det opp ei sak og ein uttale frå Sylvi Listhaug som eg vil kommentere på ein positiv måte. Til vanleg er eg rimeleg kritisk til det meste ho og Frp står for.

Alternativet som mellom anna Sylvi vil ha greidd ut, er Romsdalsaksen – ein annan trase med flytebru og utan undersjøiske tunnelar. Eit tredje alternativ kan vere: Å halde fram med ferjedrift!

Forkjemparane for Romsdalsaksen har arbeidd med saka i fleire år. Mange har støtta deira arbeid. Rundt 8.000 har gitt si støtte til deira arbeid og deira alternativ. Kanskje Sylvi sin uttale kan løyse litt på den fastlåste og prestisjetunge situasjonen mange etablerte politikarar har sett seg sjølve i?

Til slutt må vi også tenkje økonomi. Alt tyder så langt på at Møreaksen vert langt dyrare enn Romsdalsaksen. Vidare kan vi i stikkords form ta med andre gode argument til Sylvi L. sitt utspel: Miljø, mjuke trafikantar, faren for større ulukker i dei undersjøiske tunnelane, trafikktryggleik. Dersom Romsdalsaksen i ei ny utgreiing ikkje gjev tilfredsstillande resultat: Bruk ferje i åra som kjem!

Ragnar Elias BakkenØrskog

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!