Helge Orten, du har ikkje lenger nødvendig tillit i det fylket du representerer. Som leiar i Samferdselskomiteen på Stortinget skal du ha eit fagleg solid og politisk balansert syn på fagområdet ditt. Du har i lang tid vist for all verda at du ikkje lenger meistrar oppgåva med å vere ein representant som vi kan stole på.

Det som utløyste denne reaksjonen no, var din uttale til Sunnmørsposten den 12.08. i år som reaksjon på at Sylvi Listhaug stadfesta sin uttale til VG om at ho støttar FrP-politikarane i fylket som vil ha ein omkamp om Møreaksen. («Omkamp» er feil uttrykk. «Forsvarleg vurdering av K5-alternativet via Sekken» er korrekt.) Du er referert på at du sa: «Resultatet dersom dette blir en realitet er at det ikke blir noen fjordkryssingsprosjekter utført i Møre og Romsdal.»

Dersom du ikkje har vet nok til å trekkje deg sjølv, må statsministeren gjere det for deg. I motsett fall vil dette slå tilbake på statsministeren. Og då kan dette få langt meir alvorlege følgjer. Dette er ikkje rettsstaten Noreg verdig! >

Lars ValderhaugTustna

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!