I samband med konsesjon til vindkraftverk i Norge har iskast frå vindturbinar vore eit tema med lite fokus. Det har blitt meir aktuelt etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kom med sin nye rettleiar nr. 5 i 2018. Konsesjonen for vindkraftverket på Haramsøy gjer det klart at Haram Kraft skal vurdere risikoen for iskast frå turbinane. Tidlegare har ein del utbyggjarar av vindkraftverk hevda at avising er tilstrekkeleg tiltak for å hindre iskast frå vindturbinar.

Så langt har det altså stort sett vore fokus på fare for iskast langs traseen for vindturbinane. Det som er tilfelle for vindkraftverket på Haramsøy, er at det er kort avstand til bebyggelsen på Ulla og til fylkesveg 150 som om vel to år blir del av Nordøyvegen. Ullahammaren ligg om lag 600 meter frå turbin nr. 4 og avstanden frå Nordøyvegen til turbin nr. 4 er vel 400 meter. Frå turbin 5 og 6 er det litt lenger avstand. Alle desse turbinane ligg på kanten av ei bratt fjellskråning ned mot fylkesvegen. Andre stader i landet er det påvist iskast opptil 700 meter frå turbinar. Teoretiske utrekningar etter NVE sin modell viser at risiko for iskast opp til slike avstandar med så store turbinar (150-200 meter høgde). Sjå vedlagde kart.

Det må vere nulltoleranse når det gjeld risiko for iskast mot bebyggelsen på Ulla og ferdsel på Nordøyvegen.

Det er paradoksalt at det blir planlagt eit slikt vindkraftverk på Haramsfjellet når bygginga av Nordøyvegen endeleg har starta etter 60 års kamp. I tillegg til fare for liv og helse på grunn av iskast, vil eit vindkraftverk ha svært mange negative sider som er i strid med Nordøyvegen sine positive målsetjingar, som til dømes næringsutvikling med vekst i folketalet, auka satsing på turisme og naturopplevingar i nye Ålesund kommune!

Knut Hallvard UllaAksjonsgruppa «Nei til vindkraftverk på Haramsøy»

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!