Ferske tal frå NAV viser at arbeidsløysa framleis er låg og at bedriftene treng fleire tilsette. Bedriftsundersøkinga til NAV viser at 25 prosent av bedriftene ventar ei auke i arbeidsstokken. Samtidig kjem det fram at mangelen på arbeidskraft er dobla det siste året. Dette styrkar trua på at arbeidsløysa vil halde seg låg, og kanskje ytterlegare redusert i månadane framover. Vi har no høve til å følgje opp regjeringa sin inkluderingsdugnad, slik at fleire av dei som står utanfor arbeidslivet kan kome i arbeid. Det vil gjere godt for den einskilde, for bedriftene, for lokalmiljøet og for storsamfunnet, seier Stein Veland, direktør for NAV i Møre og Romsdal.

I mai 2019 er 2 777 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,0 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang i arbeidslause på 9,3 prosent samanlikna med same månad i fjor, skriv NAV i ei pressemelding: «Vi veit at det er mangel på kvalifisert arbeidskraft innan nokre yrker, særleg i helse- og omsorgssektoren, grunnskulelærarar, IKT, samt fagarbeidarar til bygg og anlegg, så det må settast inn tiltak for å sikre dekking på viktige område».

Det er for mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Grunnane til fråfall er samansette, men elevar med svake grunnleggande ferdigheiter fell snarare frå. I tillegg er det eit dilemma at elevar frå distrikta må flytte heimanfrå i ung alder, for å gå på skule, og for mange blir dette vanskeleg. Utan fullført vidaregåande opplæring kan det bli tøft å få stabil tilknyting til arbeidslivet.

For å lykkast, må fagutdanningane i vidaregåande opplæring bli meir praksisnære og mindre teoretiske. Dette kan vi få til gjennom tettare koblinger til det lokale næringslivet. Slik får vi også høve til fleire læreplassar og fleire tilpassa utdanningsløp. Vegane fram til eit fagbrev og dyktige fagarbeidarar kan vere mange, og skulesystema må gje fleire muligheiter for å få til alternative vegar for fleire. Eit samarbeid bidreg også til at framtida sine fagarbeidarar får større tilgang til – og opplæring på – oppdatert og moderne utstyr og teknologi allereie i utdanninga. Teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjer at kompetanse må utviklast og fornyast. Vi har eit arbeidsliv med høg produktivitet og høgt lønsnivå, men også raske omstillingar der jobbar forsvinn og nye vert skapa. Alle må rekne med endringar i arbeidsoppgåver og krav om å tileigne seg ny kompetanse heile livet.

Vi skal skape eit mangfald av arbeidsplassar i små og store kommunar i Møre og Romsdal dei neste 30 åra. Det vert sagt at 60 prosent av dagens ungdomsskuleelevar skal arbeide i eit yrke som enno ikkje eksisterer. For å bu oss på framtida må vi då legge til rette for ny kompetanse på alle nivå. Høgskulane og fagskulane våre er viktige for å nå dette målet. Utdanningstilbodet må drivast og utviklast i nært samarbeid med det lokale arbeidslivet. Dette gir høve til å skreddarsy utdanningane til kompetansebehovet. Det gir dessutan attraktiv kompetanse og arbeidskraft som fylket vårt treng både no og framover – auka sjansar for mange, både i starten og i løpet eit yrkesliv. Difor blir både yrkesrettleiing på ungdomstrinnet og auka kunnskap om mulegheitene i fagskuleutdanninga i rådgjevingstenestene, karrieresenter og i NAV viktig.

For å skape den naudsynte veksten i Møre og Romsdal må vi lykkast med heilhetleg kompetansesatsing der både yrkesfaga, Fagskulen og samarbeidet med næringsliv og arbeidsliv vert styrka. Heldigvis har vi både NHO og Regjeringa med oss på ei slik satsing.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Annika Brandal, ordførarkandidat for Venstre på Hareid.
Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven. Foto: Knut Arne Aarset