Lesarinnlegg:

«Språkvedtak for framtida»

Administrasjonsspråk: Nynorsk har alle kvalitetar som skriftspråk for å få større gjennomslag i byane på alle samfunnsområde, skriv Einar Landmark i dette innlegget.  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

Det gamle norske skriftspråket gjekk ut av bruk i dansketida. Skriftspråket i Noreg i 1814 var dansk. Nasjonal frigjering kravde også språkleg frigjering. Ivar Aasen samle opplysingar om talemålet i norske bygder for å nyreise eit norsk skriftspråk. Han samla ikkje inn prøver på talemålet i byane, fordi han meinte det hadde blitt for sterkt innblanda med dansk skriftspråk. Stortinget jamstilte nynorsk med bokmål i 1885. Sunnmøre var tidleg ute med å ta nynorsk i bruk i folkeskulen og i kommunane. Bruk av nynorsk voks sterkt i landdistrikta utover 1900-talet fram til andre verdskrigen.

Men etterkrigstida med sterk konsentrasjonen av busetting i byar som følge av sterk vekst i næringsliv, høgare utdanning, byråkrati og massemedia, skapte grunnlag for ny vekst for bokmål i byane. Det treng likevel ikkje fortsette slik. Nynorsk har alle kvalitetar som skriftspråk for å få større gjennomslag i byane på alle samfunnsområde. Nye Ålesund kan no vise veg.

Vil ha språknøytral storkommune

– Selv Ivar Aasen var imot å tvinge nynorsken på folk. Det hevder Monica Molvær (H).


Det meste av den venta innflyttinga til nye Ålesund i tiåra framover vil mest truleg kome frå område der nynorsk står sterkt: landdistrikta på Sunnmøre og kystdistrikta mellom Sognefjorden og Trondheimsfjorden, fordi ungdom derifrå vil søke seg utdanning og arbeid innanfor maritime og marine næringar. Bruk av nynorsk kan stimulere denne utviklinga. Dessutan vil truleg ein stor del av dei nye arbeidsplassane og den auka busettinga kome til å skje i landdistrikta i nye Ålesund der nynorsken står sterkt.

Nynorsk som administrasjonsspråk vil også redusere barrieren mot andre sunnmørskommunar, lette samarbeidet, styrke sunnmørsidentiteten og legge til rette for at andre kommunar lettare kan vedta å starte forhandlingar om å slutte seg til nye Ålesund kommune seinare. Då kan det vere viktig at dei har tillit til at vedtaka i samanslåingsprosessen, står fast etter kommunesamanslåinga.

Den nye direktøren i Nynorsk kultursentrum:

– Ålesund har aldri vore eit reint bokmålsland


Det er å vone at politikarane og administrasjonen i nye Ålesund skapar ein positiv prosess for innføring av nynorsk som administrasjonsspråk og at dei løyser utfordringa med å kombinere ei vellukka innføring av nynorsk med utvikling av nye ordningar som gjer at også bokmålsbrukarane vert nøgde med den skriftlege kommunikasjonen frå den nye kommunen.

Einar Landmark
Ørskog

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!