Det er stort engasjement når det gjeld vindkraftanlegg på Haramsøya. I samband med høyring har Haram kommunestyre uttala seg. Her er framleis pågåande diskusjonar og stort engasjement. Som tidlegare ordførar og framleis engasjert politikar, er det greitt å sjå seg tilbake for å ha med seg historia.

Vi ville prøve å imøtekome NVE/OED og gjorde i 2009 eit vedtak, med stort fleirtal i Haram kommunestyre som sa at :

Haram kommunestyre ser positivt på at det blir gitt konsesjon til etablering av vindkraftanlegg i Haram. På bakgrunn av nye opplysningar i samband med klagebehandlinga ynskjer kommunestyret følgjande prioritering:

1. Primært at Havsul II får konsesjon

2. Subsidiært at både Havsul II og Haram Vindkraft får konsesjon.

Det er verd å merke seg at planen for Haramsfjellet den gongen hadde heilt andre (mindre) dimensjoner enn den som ligg føre i dag.

Eg ba i 2008 i brevs form om å få eit møte med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen ( SP), men fekk ikkje møte med han. I begge sakene gjekk NVE/OED imot dei lokale folkevalde sine uttalar. Lokaldemokratiet vart overkøyrt, noko eg minner meg sjølv på når eg ser Slagsvold Vedum står fram på TV og seier at vi må høyre kva lokalpolitikarane ute i distrikts-Norge ynskjer.

Eg er opptatt av miljø, også i form av fornybar energi som vindkraftanlegg. Likevel er der anlegg ein bør stoppe opp og sjå nærare på konsekvensane av. Tilfellet Haram meiner eg er eit slikt anlegg. Eg registrerer med glede at også statsministeren vår er inne på å sette ein fot i bakken. Eg har stor sympati og forståing for den motstanden som brer seg, her bør myndigheitene lytte til både lokalpolitikarane og folket meir enn dei gjorde når desse anlegga vart konsesjonshandsama for om lag 10 år sidan.

Bjørn Sandnes4. kandidat før Høgre til kommunevalet.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!