OCEAN VIKING – namnet har vore i massemedia siste dagane. Den norske redningsbåten med til hald i Middelhavet har redda fleire hundre båtflyktningar, born og vaksne. Dei fleste er flyktningar frå Sudan. Menneske i havsnaud er berga av eit norsk skip. Dette er i tråd med gode norske haldningar. Menneske på flukt, i naud eller annan livsfare skal vi hjelpe. Hjelp skal menneske i slike situasjonar få, sjølv om dei har sett seg sjølve i ein farleg situasjon. Organisasjonen Leger uten grenser er sentral i drifta av dette redningskipet.

Ingen land har sagt ja til å ta mot flyktningane. Justisminister Kallmyr slår fast at Norge er uaktuelt som mottaksland. «Migrantane må attende til Nord-Afrika.» FN seier i klartekst: Ingen land i denne delen av Afrika er trygge nok for desse menneska.

Norge bør kjenne på ansvaret om at alle om bord må få kome i land på ein trygg stad/eit trygt land. Fleire land i Europa bør vere aktuelle, også Norge. Kanskje kunne fleire land dele på denne oppgåva? Vi treng haldning, utan at vi sender utfordringane over til naboen!