Fellesnemnda i nye Ålesund blir av prosjektleiaren bedt om å godkjenne ein leigeavtale i den «nye» Kremmergården for ein periode på 10 år, til ein samla kostnad på 23 728 000.- eksklusiv moms.

Rådhuset i Ålesund er 40 år og det er gjort lite med bygget innvendig. Slik sett må ein rekne med å bygge om også dei andre etasjane i bygget. Dette kan då ende med ein kostnad på over 200 million kroner. Eg er ikkje i tvil om at dette bygget som mange andre har behov for ei slik oppgradering, men eg vil ikkje godta den saksbehandlinga det her blir lagt opp til.

Prosjektleiaren ber her fellesnemnda om å godta ei leigekontrakt som i neste omgang vil resultere i ei full ombygging av Ålesund rådhus, utan at det er gjort politiske vedtak eller prioriteringar. Som ordfører i Haram har eg med stor undring følgt fleire saker i Ålesund, den siste no med Kolvikbakken skule, der eit vedtak frå kommunestyret om rehabilitering endar med at styret i det kommunale eigedomsføretaket vedtek riving og nybygg.

At slikt kan skje utan at kommunestyret er involvert, er for meg utruleg.

Dette er eit nytt prosjekt, og det er difor naturleg at kommunestyret vurderer dette opp mot andre «nødvendige» prosjekt før det eventuelt vert innarbeid i budsjett og økonomiplan. Det blir påstått at kommunereforma er eit demokratiprosjekt, skal vi leve opp til det, må vi som stiller til valg no sørge for at det er kommunestyret som styrer skuta og bestemmer kurs og fart.

Vebjørn KrogsæterOrdførarkandidat Ålesund SP

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vebjørn Krogsæter (Sp). Foto: Staale Wattø