Bygging av fleirbrukshall på Stranda skal prioriterast! Stranda FrP kjem til å leggje all vår kraft inn på at den nye fleirbrukshallen på Stranda vert bygd så raskt som råd.

Vi kjem til å utfordre dei andre partia på dette, og no må det snart vere Stranda tettstad sin tur.

Vi vil også prioritere støtte til Sunnylven skyttarsenter, som har vore i prioritet, men ikkje blitt behandla på ein rettferdig måte av Stranda kommune og fleirtalet med SP i spissen. Dette anlegget vert kjempeflott, og er til både skyting og skiskyting samt langrenn.

FrP krev at støtten frå kommunen her skal vere i tråd med tidlegare prinsipp om 1/3 av kostnaden !

Frank SveOrdførarkandidat Stranda FrP

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!