Leserinnlegg:

«Fleirbrukshall på Stranda, skytebaneanlegg i Sunnylven»

Stranda: Frank Sve i Stranda Frp skriv at partiet støtter ny fleirbrukshall på Stranda og støtte til skytebaneanlegg i Sunnylven.  Foto: Nils Harald Ånstad

Leserinnlegg

Bygging av fleirbrukshall på Stranda skal prioriterast! Stranda FrP kjem til å leggje all vår kraft inn på at den nye fleirbrukshallen på Stranda vert bygd så raskt som råd.

Planane om fleirbrukshall på grusbane har pågått ei tid, og dette er no også forankra opp mot fylkeskommunen si byggjeavdeling. Dette er det beste enkelttiltaket for barn og unge her på Stranda, og ein slik hall vil vere viktig for mange tilbod og ikkje minst vere viktig for å kunne bevare Stranda Vidaregåande skule.

Frank Sve om meningsmålingen:

– Det er folkets dom om Romsdalsaksen

Fremskrittspartiets Frank Sve er ikke overrasket over den nye meningsmålingen.



Frp kraftig fram i Møre og Romsdal:

Vinner på kampen om Møreaksen

Mens Frp raser nedover på nasjonale målinger går de kraftig fram på dagens fylkesmåling for Møre og Romsdal.


Vi kjem til å utfordre dei andre partia på dette, og no må det snart vere Stranda tettstad sin tur.

Vi vil også prioritere støtte til Sunnylven skyttarsenter, som har vore i prioritet, men ikkje blitt behandla på ein rettferdig måte av Stranda kommune og fleirtalet med SP i spissen. Dette anlegget vert kjempeflott, og er til både skyting og skiskyting samt langrenn.

FrP krev at støtten frå kommunen her skal vere i tråd med tidlegare prinsipp om 1/3 av kostnaden !

Frank Sve
Ordførarkandidat Stranda FrP

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!