Lesarinnlegg:

«Kva er det eigentleg Høgre meiner om Møreaksen?»

Fylkespolitikar: Kristin Sørheim er leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal og gruppeleiar for Senterpartiet.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Vi ser at fylkesordførarkandidat Anders Riise kritiserer regjeringspartnar Frp for å ville greie ut Romsdalsaksen og flytebru framfor tunnel, og i same slengen Sp for å «vere med på Frp sitt spel».

I Ålesund Høyre sitt valprogram står at partiet går til val på:

«Full utbygging av strekningen Ålesund - Molde som en del av E-39, herunder vurdering av alternativ fjordkrysning og flytebro framfor tunnel, samt prioritering av Eksportvegen helt til fylkesgrense Oppland. Prioritert byggestart for strekningen må bli Breivika - Vestnes, ikke Vik-Julbøen.»

Dette er stikk i strid med det partiet elles har sagt og vedteke, nokså identisk med det Frp seier. Det betyr at fastlandssamband for Midsund og Aukra skal skuvast ut i tid, også om Møreakse-alternativet blir valt.

Ordførarkandidat for Høyre i Ålesund er Dag Olav Tennfjord, også fylkesleiar i Høgre og kandidat til fylkestinget. Ålesund Høyre er ikkje eit lite «kva -som -helst» lokallag.

SP har sagt at vi vil ha greia ut Romsdalsaksen føresett at Staten tek rekninga og at fylket ikkje mistar plassen sin i NTP. Vi meiner det er klokt når det er stilt så mange spørsmål både om kostnad, bompengar og oversjøisk eller undersjøisk løysing eller evig ferjedrift, slik at vi gjer det beste valet for framtida.

For oss er fastlandssamband for Midsund og Aukra den viktigaste «oppsida» av fjordkryssinga. Som Nordøyane må desse store øysamfunna, Smøla og øyane i Sande sikrast betre kommunikasjonar. Vi greier ikkje å bygge fastlandssamband til Midsund og Aukra utan medverknad frå Staten.

Alternativet til fastlandssamband vil for Sp vere gratis ferjer og døgnopne samband, men det vil ikkje andre parti snakke om.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!