Stortinget har vedteke å slå saman kommunene Ørskog, Skodje, Haram, Sandøy og Ålesund frå 1. januar 2020. Spørsmålet om målforma til den nye kommunen er for tida eit stort diskusjonstema.

Intensjonsavtalen som sist blei signert i juni 2017 seier at Ålesund kommune skal ha nynorsk som målform.

Nabokommunane til Ålesund var eintydige og stemte alle for nynorsk.

Mange lurer på kva dette betyr for dei som brukar bokmål som skriftspråk i dag.

I folk sitt kvardagsliv vil det ikkje vere stor forskjell. Dersom ein skriv til kommunen på bokmål, vil ein få svar på bokmål.

Alle som skriv til kommunen skal få svar på same målform. Det er god skikk og bruk. Skolane i kommunen vil halde fram med den målforma dei har i dag.

Og dei som jobbar i kommunen kan bruke bokmål i sitt daglege arbeid, for eksempel i referat, notat, rapportar og i all hovudsak i skriv til innbyggarane.

Det viktigaste med målvedtaket har mest å bety for statlege organ. At alle førespurnader frå statlege organ til Ålesund kommune skal vere på nynorsk, er ikkje noko den enkelte innbyggar vil merke eller måtte halde seg til. Men at kommunens offisielle profil; Nettsidene, informasjonsmateriell, reglement og annonsering blir på nynorsk – krev at innbyggarane kan lese og forstå nynorsk.

Medan bokmål er det dominerande skriftspråket i dagens Ålesund, er det mest nynorsk som vert brukt i Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy og i dei andre nabokommunane rundt oss.

Språk er makt, seiast det. Kvar motviljen til nynorsken frå mange bokmålsbrukarar kjem frå kan ein undre seg over. Nynorsken vil aldri vere ein trussel mot bokmål og bokmålsbrukarar. Innbyggarane vil i liten grad oppleve endringar i sin praktiske kvardag.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!