Eg er langt på veg einig i Ragnar Elias Bakken sitt innlegg i Sunnmørsposten «Menneske i naud skal vi hjelpe» . Som sjømann er eg stolt av norske sjøfolk som deltek i arbeid for å berge liv. Eg har sjølv vore vitne til båtflykningar. Dette gjorde svært sterkt inntrykk. I 2003-2004 var båten eg var styrmann på, engasjert i eit røyrleggingsprosjekt som gjekk i land i Libya, like utafor Tripoli.

Den gong var eg sjokkert og mållaus fordi denne flyktningkrisa ikkje vart nemnd i norske og internasjonale medier. «Ingen» brydde seg! Sjølvsagt var omfanget litt mindre enn toppen som kom i 2015. «Krisa» har likevel gått føre seg i over 20 år. Nauden og risikoen for den enkelte båtflyktning er uansett like stor, både den gong og i dag.

Trass i sterk medkjensle for menneske i naud, så er eg svært kritisk til «bergingsaksjonane» i Middelhavet. Europol gav nyleg ut ein rapport om båtflyktningane. I 2015 anslår dei at kriminelle nettverk tente 60 milliardar kroner på flyktningetrafikk.

Italiensk etterretning har avslørt direkte samarbeid mellom menneskesmuglarar og veldedige organisasjonar som deltek i berging. I juli i år inviterte Frankrikes president Emmanuel Macron til toppmøte for African Diaspora (ein paraplyorganisasjon i den Afrikanske Union som arbeider med saker rundt afrikanske folk som har emigrert frå Afrika.) Ghanas president, Nana Akufo-Addo, heldt ein tale som gjorde Macron mållaus. Mellom anna kommenterte Akufo-Addo flykningeproblematikken. «Energien» til unge afrikanske menn ynskjer han å få behalde i Afrika. For det er hovudsakleg unge menn som reiser. «Energien» dei har for å krysse Sahara og Middelhavet er den energien han ønsker å behalde i Ghana og Afrika for å «bygge landet»

Så kva er Europas svar på krisa?Vi støttar kriminelle nettverk ved hjelp av AIS-signal berre nokre få mil frå kysten av Libya. Noko som gjev endå fleire kundar til mennekesmuglarane. For flyktningane har smarttelefonar, og kan sjekke "Marine Traffic" slik som du og eg.

Vi «godtek» at det «er lov» å setje menneskeliv i fare på havet. Dei som er i størst naud og treng mest hjelp, har ikkje råd til «flåte-billett». Dei sit att i armod heime. Vi held dei afrikanske landa nede ved å utarme dei for unge kløktige menn. Vi «stel» framtida frå eit kontinent rikt på naturressursar. Vi må tenkje annleis. Vi må hjelpe på andre måtar. Slik vi driv «hjelp» no, så opprettheld vi krisa med ei bjørneteneste. Vi strør litt glitter på sjølvkjensla vår og seier vi bryr oss. Liksom.

For å unngå at flykningar druknar i Middelhavet så må dei rike, kyniske bakmennene for menneskesmugling stoppast. Det er ei kriminell handling å ta betalt for å sende folk ut på overfylte, skrøpelege flåtar.

Den mest humane hjelpa er å gi dei moglegheit til eit godt, trygt liv der dei bur. Har dei denne moglegheita, så slepp dei å flykte. Dette er òg det flykningane ynskjer sterkast.