Så er det val igjen, og det er ikkje måte kor mykje omsut politikarane har for oss som er komne opp i åra. Det skal bli både matlukt og fleire rom på sjukeheimane.

Det er bra dei tenkje på oss, men vi har no høyrt det før.

Eg er no blitt ein gammal mann. Men helsa er god, forma fin og haudet trur eg fungerer nokolunde. Som dei fleste av mine jamaldringar vil eg helst klare meg sjølv og vere korkje kommunen eller andre til bry. Men eg må nok innsjå at om eg lever nokre år til, så blir eg nok både gløymsk, surrete og usett for den eine alderdomsplaga etter den andre.

Og då lovar politikarane at kommunen skal stille opp. Så får eg håpe at dei held ord.

Alderdomen er ikkje noko som skjer. Den snik seg sakte inn på oss utan at vi alltid merkar det sjølve. Men når politikarane no vil snakke om oss, så er eg frekk nok til å sette fram nokre ynskjemål for min alderdom i den nye og glamorøse Ålesund kommune.

Då eg runda 75 fekk eg vitjing av ein sjukepleiar for Ålesund kommune. Eit hyggeleg møte, og eit godt meint tiltak. Dette bør ein halde fram med, men gi det eit anna innhald.

Vi kunne ha sett oss ned og tenkt nokre år fram i tid. Kva ville vere viktig for meg, og kva kan vere aktuelt for meg å be om hjelp til etter kvart. Saman kunne vi lage ein «omsorgsplan» for livet mitt vidare som etter kvar kunne fyllast ut med aktuelle hjelpebehov.

Eg kunne få ein kontaktperson inn i «systemet», og ikkje minst kunne vi avtale at vedkomande kunne ta ein telefon om eit års tid og høyre korleis det stod til.

Ein «Omsorgsplan» slik at denne blei ein avtale mellom meg og kommunen om tiltak som eg ville kunne få etter kvart som det var behov for det. Så slapp eg å søkje «tildelingskontoret» om den minste ting.

Og dei som jobbar der kunne frigjerast til meir nyttig arbeid.

Heldigvis selde vi einebustaden og flytta i leilegheit då vi passerte 70. Det var noko av det klokast vi har gjort. Eg har ei tid vore engasjert i eit arbeid med å få bygt tilpassa bustader for eldre som ikkje treng så mykje omsorg.

Det har ikkje vore lett, og kommunen har ikkje akkurat vist noko forståing for noko slikt. Sjølv om det ville vere heit kostnadsfritt for kommunen.

Eg skulle ønskje kommunen også høyrde litt på oss «gamlingane» og korleis vi kan tenkje oss tilværet, og kunne hjelpe oss med tilpassa bustader så vi kan klare oss på eiga hand så lenge som mogleg.

Med åra blir vi mindre mobile og meir sosiale. Vi vil så gjerne snakke med folk, men kjem oss ikkje ut og til stader der folk kan samlast.

Eg skulle ønskje at kommunen forstår dette. Når ein legg til rette for bustader for eldre så må dette vere på plasserast der det er lett for andre å vitje oss, og lett for oss å kome ut for å ta del i det sosiale livet. Difor flokkar vi oss no om Moa med alle sine tilbod.

Men kvifor ikkje legge til rette for oss i det gamle bysentrum. Vi vil vel ikkje vere noko skam for den nye sørsida om vi fekk bu der? Men vi hamnar nok på Nørve for der har kommunen ei tomt.

I valkampen er det mykje snakk om sjukeheimar. Det er viktig både med nok plassar, kompetent personale og god mat for dei sjukaste. Og mange av oss hamnar nok der til slutt.

Men før vi ender der er det heimetenestene som skal ta hand om oss. Den høyrer vi lite om. Når det er eit ønskje både frå politikarane og oss brukarane at vi skal kunne bu heime så lenge som mogleg, så skulle ein vente at desse tenestene, kompetansen, organiseringa og ikkje minst prestisje og utfordringar i denne tenesta, kom meir i fokus også i ein valkamp.

Er det naudsynt at det skal vere ei «hit and run»-teneste, med besøk av 10–15 ulike hjelparar i veka i tilmålte minutt innvilga av «tildelingskontoret»?

Ja, dette var berre nokre tankar frå ein framtidig brukar.

Så håper eg at politikarane har det hyggeleg og får god og velduftande mat på rundturane sine på sjukeheimar og eldresenter rundt i kommunane.

Der møter dei takksame bebuarar som endeleg får besøk og omtale med bilete i avisa.

Det sit nok lengre inne å vitje Per Hansen som sit heime med «Hjartet på rette staden» på TV og ser fram til at heimetenesta skal stikke inn om og sjå til at han får i seg medisin og mat.

Kanskje er det eit kjent fjes som kjem.

Karl J. Skårbrevik. Foto: Roger Engvik