I Høgre er vi opptekne av nye idear, nye ordningar til det beste for folk flest. Dette i ei tid der den teknologiske utviklinga går raskare enn nokon gong. Moderne løysingar som gjer kvardagen enklare for folk flest, næringsliv og frivillige organisasjonar er eit viktig fokus for oss.

Intensjonen med innføringa av Autopass-korta og brikkene var sjølvsagt god, men resultatet slik det i dag er blitt er dessverre blitt ein skikkeleg skivebom.

Ei tungvint og dårleg ordning for næringslivet, eit næringsliv som treng forenkla løysingar og ikkje forverra rammevilkår.

Ei elendig ordning for frivillige organisasjonar, som gjer det tungvint å administrere frivillig sektor.

Direktoratet og leverandør av systemet må få fortgang på å finne løysingar som er moderne, framtidsretta og som gjer kvardagen enklare for folk og næringsliv i ferjefylket Møre og Romsdal. Dette må skje raskt og ikkje gjennom langvarige prosessar og løysingar som ligg langt fram i tid.

I sak 25/19 i Samferdselsutvalet fremma Høgre saman med KrF følgjande forslag:

«Møre og Romsdal innfører ikkje AutoPASS-regulativ for ferje på fylkesvegferjesamband i Møre og Romsdal Fylkeskommune før teknologien er tilgjengeleg for andre løysingar for betaling av bil og passasjer. Brikke-betaling kan innførast, samtidig som automatiske betalingsordningar for passasjerar må utredast vidare, ikkje minst for å sikre fylkeskommunen sine inntekter. Næringslivet og lag- og organisasjonar må uansett skjermast for auka kostnadar.»

Seinare i møtet vart eit liknande fellesforslag frå alle partia vedtatt.

Livskrafta og utviklinga i små og store lokalsamfunn i Møre og Romsdal er ikkje minst avhengig av eit oppegåande næringsliv og eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar.

Gode rammevilkår er ein vesentleg suksessfaktor i så måte.

Autopass-ordninga slik den føreslått som løysing, er det stikk motsette.

Difor må Vegdirektoratet og leverandørar snarast komme med ei ny forenkla og forbetra ordning. Høgre er vil ha smarte forenkla løysingar og vil følgje denne saka tett i tida som kjem, til beste for folk flest.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!