Ålesundaren Hans Kjetil Knutsen er ein interessant person. Sjå berre på annonsane for Sunnmørslista og Ålesundslista i Sunnmørsposten 17. august. Mannen toppar begge listene.

Vi veit frå før at han er ein klassisk kraftpatriotisk populist på høgresida. Tverrpolitisk liste i Ålesund har vore dominert av eldre menn som ynskjer seg makt, men ikkje synest dei når fram dit dei vil i dei vanlege partia. Dei har stort sett ikkje gjort anna enn å legge seg på tvers i politikken i Ålesund.

Det må vi berre leve med i denne byen, ser det ut til. Men at denne ålesundaren med si avvisande haldning til nynorsken i den nye Ålesund kommune eller på samanslåinga i det heile, også trur at han er ein truverdig kandidat for Sunnmøre, ber preg av ein splitta personlegdom.

Til dømes meiner han at Ålesund har gjeve altfor mykje i samanslåingsprosessen. Korleis vil førstekandidaten på Sunnmørslista forsvare eit slikt standpunkt, mon tru? Eg minner om at tre av dei andre kommunane også er sunnmørskommunar, den fjerde romsdalskommune. Eg minner også om at alle kommunane på Sunnmøre er nynorskkommunar. Det einaste unnataket er Ålesund – som er såkalla språknøytral.

Trur kandidaten verkeleg at han truverdig kan ri to hestar på den måten? Dersom sunnmøringar faktisk er budde på å stemme på ein erkeålesundar av dette sjåvinistiske slaget, ja, då misser eg trua på vår evne til sjølvstendig tenking. Dersom vi skal kome nokon veg i denne verda, så er ikkje oppskrifta ein politikk der det gjeld om å halde greie på alle som «får meir enn meg» og sette ein stoppar for det.

Eg har hatt far min på sjukehuset i Molde og sett at dei treng eit nytt sjukehus, og eg har ikkje noko i mot at dei får ny opera i Kristiansund. Faktisk meiner eg at Kristiansund er den vakraste byen i Møre og Romsdal. I Ålesund synest eg at ÅRIM gjer ein strålande jobb. Ålesundslista derimot, er eg heilt viss på at vi kan klare oss utan.

Les tilsvar frå Hans Kjetil Knutsen her:

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Lokalpolitikar Hans Kjetil Knutsen i Ålesundlista er ein interessant person, skriv Aud Farstad i dette innlegget. Foto: Staale Wattø