I Borgundgavlen har vi fått nytt bedehus. For ei tid tilbake blei det gamle bedehuset frå Åkre på Haramsøya flytt og sett opp på Sunnmøre museum.

No står det nymåla kvitt og innbydande på bakken mellom Ytterlandstova og Norddalskulen.

Ein og annan kvelden hender det vel at det lyser varmt frå vindauga i furuskogen.

Bønemøte? Kanskje ikkje, men i alle fall i bruk til eit kvart. Og noko sit vel att i dei hundre og tretti år gamle veggane.

Men no er det altså slik at i Borgundgavlen har vi allereie eit bedehus, Nørvasund bedehus. Kvitmåla det også. Det vesle som er att av måling kan tyde på det.

Det er lenge sidan det lyste gjestfritt frå glasa i dette ein gong så staselege gudshuset ved starten av alléen opp mot Borgund kyrkje.

Vindauga er stort sett tildekte med grøne plater. Krossen over inngangspartiet har ramla ned, og det har vel mykje anna også. Dei som ivrar mest for å kome seg innomhus synest vere høymole, tistel og platanlønn.

No veit eg ikkje kven som eig eller har ansvaret for bønehuset. Trur vel knappast det kan vere indremisjonen, men det er i alle fall ein som har eit langsiktig perspektiv på vedlikehaldsarbeidet. Eg seier som dei gjer på Hareid: Folk å be for…

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!