Lesarinnlegg:

«Nei til eigedomsskatt»

Feil skattlegging: Skattlegging skal være noko ein står i posisjon til å betale. Ein slik posisjon kjem når ein har realisert inntekt eller gevinst, meiner Partiet Dei Kristne.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Eigedomsskatt er ein urettferdig og usosial skatt som krev betaling uavhengig av innbyggarens evne til å betale. Partiet Dei Kristne jobbar for friheit og tryggheit for alle, og tryggheit omfattar også eit rettferdig skattesystem.

Kva som er rettferd er det tydeleg politisk ueinigheit om. Det er fleire skatteprinsipp som kan fylgjast, og i Norge står nok «skatteevneprinsippet» og «fordelingsomsyn» sterkast.

Skatteevneprinsippet seier at skattebyrda skal fordelast ut frå skattytars evne til å betale skatten, medan fordelingsomsyn legg føringar for at den som har høg inntekt og formue skal bidra mest. Truleg er det brei forståing for begge prinsippa, men den kommunale eigedomsskatten har ei svakheit med at den skattlegg urealisert inntekt.

Om du har pengar eller ikkje, skal skattytar betale skatt for ein eigedom som har ein fiktiv skatteverdi.

Dette er urettferdig.

Det finst fire grunnsetningar for eit rasjonelt skattesystem. (1) skatten bør leggast på inntekt etter evne, (2) skatten må være fast bestemt, og fri frå tilfeldigheiter, (3) skatten bør innkrevjast på det tidspunkt som passar best for skattytar, og (4) dei samfunnsøkonomiske kostnadane for å krevje inn skatten bør være minst mogleg. Dei tre fyrste punkta handlar om rettferdigheit.

Urettferdigheita til eigedomsskatten rammar tre grupper særskilt. Dette er pensjonistar, trygda og næringsdrivande innanfor utleige av fast eigedom.

Dei selskapa som eig bygningsmasse i vårt fylke, og som ikkje har inntekt på desse – skal betale eigedomsskatt.

Bak alle private selskap står det privatpersonar, og desse må hente pengar andre stadar ifrå for å betale kommunal skatt.

Dersom du ligg nede, krev likevel den kommunale handa pengar. Dette er urettferdig.

Det som er spesielt for Norge er at vi ikkje har eit maksimalt tak for kor mykje skatt ein skattytar kan betale. Ein pensjonist risikerer at heile pensjonen og all kapitalavkasting, og meir, må betalast i formueskatt og eigedomsskatt. I motsetning til ein hovudaksjonær i eit selskap kan ikkje pensjonisten styre inntektsgrunnlaget sitt med utbytte frå selskap, noko som ikkje gir eit rettferdig skattegrunnlag.

OECD konkluderte i fjor med å ikkje anbefale slik skattlegging, fordi den er meir forstyrrande og mindre rettferdig enn ein inntektsskatt. Stadig fleire land innan OECD har gått vekk frå slik skattlegging, og no er det Norge, Sveits og Spania som står igjen – der Spania har rabattordningar som nullar ut effekten. Kvifor skal vårt land ha ein skatt som andre land går vekk frå?

Ein kan ikkje argumentere for at eigedomsskatten er noko «vi bør ha råd til».

Skattlegging skal være noko ein står i posisjon til å betale. Ein slik posisjon kjem når ein har realisert inntekt eller gevinst.

Det er derfor feil av staten å gi kommunane lov til å krevje inn ein skatt som gir sosial urettferdigheit, og det er feil av lokalpolitikarane å bruke moglegheita.

Partiet Dei Kristne vil konsekvent jobbe for å fjerne eigedomsskatten.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!