Brukarane av sambandet blir ikkje invitert til gratis kakefest i 12-millionarsklassa. I staden blir det ledlys og ny asfalt, går det fram i ei sak til samferdsleutvalet i fylket.

Eiksund-, Helgehorn- og Morkaåstunnelen får nye led-lys. Prisen er fem millionar kroner.

Selvågtunnelen får ny raudblink og nye bommar. Det kostar 1,5 millionar.

På Steinnesstranda er det djupe spor i asfalten på ei om lag 1,4 km lang strekning. Det vert anbefalt asfaltering, som er kostnadsrekna til om lag 1,3 mill. kroner.

I Morkaåstunnelen er det djupe spor i asfalten og slepp/skadar i dekket. Det vert anbefalt asfaltering, som er kostnadsrekna til om lag 0,8 mill. kroner.

I Selvågtunnelen er det behov for sikringsnett ved fjellskjering/tunnelportal. Ved veromslag om vinteren losnar det isflak frå fjellskjering som ramlar ned på vegbanen. Dette kostar rundt ein million.

I Selvågtunnelen er det sporete veg. Her vert det anbefalt fresing og dekkelegging, som er kostnadsrekna til om lag 1,5 mill. kroner.

Når dette er gjort er det i underkant av tre millionar kroner igjen som skal nyttast til tiltak for å hindre utforkøyringar.

Eiksundsambandet var endeleg vedteke av Stortinget i februar år 2000.

Prosjektet si samla ramme var på 750 millionar 1999-kroner, der bompengane finansierte om lag 135 millionar.