Pride-arrangement har i over 50 år bidrege til å sette eit viktig søkelys på livsvilkåra for LHBT-personar. Sakte, men sikkert, har samfunnet si handsaming av menneske med LHBT-identitet endra seg, og det har vakse fram ein sjølvsagt aksept og normalisering av homoseksualitet.

Mange synest kyrkja har vore for sein med å følge etter i denne utviklinga.

Vi meiner det ikkje er ei sjølvfølge at eit trussamfunn skal følge samfunnet si utvikling eller tempo i etiske og moralske spørsmål. Det er naturleg at kyrkjer, trus- og livssynssamfunn bruker tid på slike tema.

Heldigvis har den teologiske innsikta utvikla seg slik at det no er godt teologisk grunngitt at ein innanfor den kristne trua kan og bør akseptere homofile relasjonar og handsame alle par likt.

Likevel har sterke krefter i Den norske kirke ikkje ønska å la likekjønna par gifte seg i kyrkja.

Dette vart ikkje endra før Åpen folkekirke stilte til val ved forrige kyrkjeval, og gjennom sin valsiger bidrog til at det vart innført ein liturgi for vigsel av likekjønna par.

Det var ein stor siger for oss som tidlegare har vore i mindretal i kyrkjepolitikken i desse spørsmåla.

Endeleg kan alle par få inngå ekteskap for Guds åsyn med kyrkja si velsigning. Til dykk som stemte på oss vil vi seie: Tusen takk! De har bidrege til denne endringa.

Dei sterke konservative kreftene i kyrkja finst derimot framleis. I årets kyrkjeval er det 3 lister å velje mellom til Bispedømmerådsvalet.

Bønnelista vil reversere vedtaket om ny vigselsliturgi. Og framleis er det nærast umogleg for homofile og lesbiske å få jobb i enkelte bispedømer, slik som her i Møre.

Her vert det nemleg presisert i utlysingsteksten til prestestillingar at «samlivsform vil bli etterspurt», noko som rammer særskilt skeive prestar.

Denne veka er det Ålesund som blir farga i regnbogens Pride-fargar. Vi ser fram til ei fargerik parade der både Den norske kirke og Åpen folkekirke er tydeleg til stade med si støtte.

Åpen folkekirke treng også støtte for å fortsette vårt arbeid for å gjere kyrkja meir open, demokratisk og inkluderande. Ved årets kyrkjeval kan du vise di støtte ved å stemme Åpen folkekirke. Gledeleg Pride og godt val!

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!