Når nauda er størst, er hjelpa langt unna

Ålesund sjukehus: For titusenvis i fylket vårt betyr nærleik til akutt hjelp Ålesund sjukehus. påpeikar artikkelforfattaren.  Foto: Staale Wattø

Ytring

Når det står om minutt for overleving eller varig skade, er det påkrevjande at hjelpa er nærast mogeleg. For titusenvis i fylket vårt betyr nærleik til akutt hjelp Ålesund sjukehus.

Å måtte reise frå Sunnmøre heilt til Trondheim for livsviktig akutt hjarteoperasjon synest ikkje godt nok i 2018 når hjelpa lett kan etablerast og utførast ved Ålesund sjukehus.

Det som på fagspråket heiter Perkutan koronar intervensjon (PCI) er den mest brukte behandlingsteknikken for å opne tronge eller tette kransarteriar i hjartet.


– Ren valgkamp, mener Molde-ordføreren

Eva Vinje Aurdal (Ap) stiller spørsmål om både størrelsen og byggingen av sjukehuset på Hjelset.

12.000 behandlingar i Noreg årleg sikrar godt resultat i om lag 95 prosent av tilfella. Metoden er veletablert for å behandle akutt hjarteinfarkt og hjartekramper.

Det er ein stor hake. Slik behandling er nemleg avhengig av kvar du har adressa di. KrF ønskjer at flest mogleg frå vårt fylke skal rekke fram og ikkje minst få kritisk hjartebehandling i tide. Då må tilbodet ligge i Ålesund.

Ålesund sjukehus er det akuttsjukehuset som har lengst avstand til regionsjukehuset.

Dette ser vi også på statistikken over kor få pasientar frå Møre og Romsdal som får moglegheit for PCI i Trondheim.

Statistikken frå i fjor viste at pasientar frå Sunnmøre hadde eit av dei dårlegaste tilboda i landet. Kor lenge skal vi ha det slik? Det gir tryggleik og er god økonomi i å legge eit nytt PCI-senter til Ålesund.


Impulsaksjon onsdag

Hjerteaksjon for Ålesund

Inviterer til impulsaksjon onsdag for å si NEI til kutt i hjerterehabiliteringen ved Ålesund sjukehus.

Demografisk og geografisk er rett plassering i Ålesund, midt mellom Bergen og Trondheim. Då er det slutt på transport av svært sjuke pasientar over lange avstandar med ambulansebil/ -fly/ -helikopter, om vêret i det heile tillèt slik transport. Også helseføretaket tar inn over seg at ein for liten del av pasientane i Møre og Romsdal får tilbod om PCI.

– Dermed får pasientane som ikkje kan nå fram i tide til PCI i Trondheim, truleg eit dårlegare tilbod enn dei kunne hatt. Det er eit klart behov for å vurdere om ein skal etablere PCI i Ålesund i planperioden, skriv sjukehusdirektør Espen Remme i Sunnmørsposten.

Utviklingsplanen til Helseforetaket er i hovudtrekka god og retningsgivande, med nokre klare og viktige prioriteringar.

PCI er den viktigaste enkeltsaka for både befolkninga og fagfolka.


Tidligere hjertepasient om helseforetakets planer:

- Å kutte i tilbudet er galskap

Aktive Jostein Sulebust (66) fra Sula fikk hjerteinfarkt i november. Nå takker han avdeling for hjerterehabiliteringen i Ålesund for at han er tilbake i et aktivt yrkesliv.

PCI-utgreiing har starta og KrF meiner at PCI-behandling skal på plass i Ålesund.

Tilsvarande bør det bli for PET-scan også. PET, forkorting for PositronEmisjonsTomografi, som er ein avbildingsteknikk som får stadig auka bruk både innan teknikk og medisin. For begge områda finst god dokumentasjon og erfaringar frå etablering og drift av tilsvarande senter i Norge og Skandinavia.

Her må Helse Møre og Romsdal vise vilje til god og effektiv planlegging og avgjerd.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!