Mange hevdar at litt alkohol kan vere godt for helsa. I siste nummer av bladet Syskenbandet er ein artikkel av lege og seniorrådgjevar Fred Rune Rahm, der han gjer greie for samanhengen mellom alkohol og helse.

Samanhengen er komplisert, men uansett korleis ein lagar problemstillingane, vert konklusjonen den same:

  • Dei som ikkje brukar alkohol, har gjort eit klokt val.

  • Dei som vurderer å slutt å bruke alkohol, bør oppmuntrast.

  • Dei som framleis vil bruke alkohol, bør redusere bruken.

Dei eventuelle helsegodene vi får med å bruke alkohol, kan vi få på andre måtar. Og då utan den risikoen for helseskadar som alkoholen fører med seg. Alkohol er eit rusmiddel som treffer praktisk talt alle organ i kroppen. Til dagleg er vi mest opptekne av effekten på sentralnervesystemet og hjernen, ukritisk framferd, dårleg presisjon og balanse og fyll, men alkohol råkar mykje vidare, og det gjer at risikoen for helseskadar aukar.

Det er ingen nedre grense for inntak av alkohol der ein kan seie at det ikkje er risiko for helseskade.

Alkohol aukar faren for kreft i heile tarmsystemet, frå munnen til endetarmen.

Alkohol aukar risikoen for brystkreft, magesår, leversjukdomar, hjartesvikt, nerveskadar og betennelse i bukspyttkjertelen.

Alkohol aukar og risikoen for ernæringsproblem, rammar muskelstyrken og hemmar læring og aktsemd.

Det er og samanheng mellom alkohol og psykiske sjukdomar, og alkoholen kan forverre andre sjukdomar.

Verdens helseorganisasjon (WHO) seier at dersom det er positive helseeffektar av å drikke alkohol, vil desse eventuelle positive helseeffektane utgjere 3 prosent av helserisikoen.

Dei eventuelle positive helseeffektane som ein kan sjå ved bruk av litt alkohol, er alle effektar som ein kan få på andre måtar, og då utan den risikoen som alkoholen fører med seg.

Små mengder alkohol er og ei helsebelastning. I ein ny nederlandsk studie tok ein prøvar av tjukktarmen, gav forsøkspersonane 20 gram alkohol, og tok så ny prøve.

Alle forsøkspersonane fekk lekkasje over tjukktarmen etter dette moderate inntaket.

20 gram alkohol er den mengde alkohol som er i eit glas raudvin eller ein halv liter øl. Medan tarmveggen vanlegvis vernar oss mot giftstoff, vil ein lekkasje gjere at giftstoff kan gå ut og inn i kroppen.

Risikoen for kreft startar i det vi tek til å bruke alkohol. Risikoen for brystkreft hos kvinner auka ved eit inntak på 1 dl vin dagleg. Drikk ein eit glas vin eller ei flaske øl dagleg, vil 90 prosent få ei lever som fungerer dårlegare.

Mange vel kanskje å ta den risikoen det er å drikke alkohol, og det er eit val som ein må respektere, men å avvise at alkohol er ein helserisiko, er sjølvbedrag.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!