I Sunnmørsposten den 22.08 vart eg sitert på nokre kommentarar i høve bompengesaka som går føre seg på nasjonalt nivå.

Når ein utbetrar vegar, eller bygger nye samband tenkjer eg at det er naturleg at brukar av vegen skal vere med å spleise på kostnaden.

Her i Vanylven betalar vi ikkje bompengar, men vi betalar ferje kvar vi enn skal i eige fylke. Det kostar å drive ferjesamband, og vi betalar langt meir pr.tur med ferja, enn det ein mange stadar betalar i bompengar.

Vi forstår, og aksepterer denne skilnaden, sjølv om vi gjerne kan tenkje at det er urettvist.

Når Venstre, og dei andre partia i Vanylven har Rovdefjordsambandet som fanesak nr. 1, så er vi samtidig innstilte på at når dette er realisert, så må vi betale bompengar for å passere.

Dette er vi klar over på førehand, noko som fylket og fylkestingspolitikarane også har vore tydelege på. Når det då blir referert i avisa at eg seier at vi «ikkje får lov» til å betale bompengar, så gjaldt den uttalen at sambandet enda ikkje er realisert, og slett ikkje at nokon har nekta oss å nytte bompengar for å dekkje inn kostnader. Det har eg aldri uttala, og heller ikkje høyrt andre seie noko om.

Det er ingen stillstands i arbeidet med å realisere sambandet, som vil verte ein livsnerve i vanylvssamfunnet. Tvert i mot. No er vi i gong med KS1, og vi arbeider heile vegen etter malar som fylket legg for slike samband, og vi følgjer dei krava vi vert pålagt å følge.

I mine uttalar til Tv2 og Sunnmørsposten har eg ikkje sagt eit negativt ord om Frp sin bompengepolitikk i høve ferjeavløysing i Møre og Romsdal.

Eg tek Frank Sve sitt ord på at han skal bidra til at Rovdefjordsambandet vert bygd. Og eg set pris på om han tek ei aktiv rolle for at sambandet blir realisert snarast råd.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!