Vil de ha ein fylkesordførar frå Sp, der sentrale delar av deira parti vil ha Møreaksen?

På Syltemartnan i helga, var 2.-kandidaten til Sp til fylkestinget, Geir Inge Lien klokkeklar på at han ynskjer Møreaksen.Det same har andre også tydeleg signalisert.

Kristin Sørheim forsøker febrilsk å framføre at Sp vil ha utgreiing av Romsdalsaksen, som eit ledd i å «redde» valet. Men, kan vi stole på Sp når deira ordførarar både i Vestnes, Stranda og Misund hardnakka støttar Møreaksen?

Då eg på Syltemartnan i debatten, stod og såg kor «sinte» Sp-folket i salen var då vi snakka om Romsdalsaksen, slo det meg at Sp-leiinga garantert siglar under falsk flagg.

Aldri i verda om Sørheim klarer å styre Sp-gruppa til å stemme for noko anna enn Møreaksen, og det bør dei fleste vere klar over.

Ei stemme til Sp i fylkestingsvalet, er nok med stor sansynlegheit ei klar stemme til Møreaksen, dessverre. Frp kjem til å gjere det vi kan for å skaffe eit så stort fleirtal som råd for å få greidd ut Romsdalsaksen, flytebruer eller fortsatt ferjer.

Vi legg elles merke til at fleire begynner å verkeleg få kalde føter, når konsekvensane av å leggje E39 gjennom Molde by no kjem klart fram.

Den enklaste måten til å hindre ei rasering av dei flotte områda inn mot Molde by, er å velje Romsdalsaksen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!