Onsdag 21. august gikk Kristin Sørheim ut med kritikk mot at Ålesund Høgre har eit anna syn på aksevalet enn Møre og Romsdal Høgre.

Dette er ein lite relevant kritikk. Ein treng ikkje leite lenge i Senterpartiets program for å finne tilsvarande motstridande politikk. Møre og Romsdal Sp ønskjer utredning av Romsdalsaksen medan Midsund og Molde Sp ynskjer å byggje ut Møreaksen, og det står ingenting om at dei ynskjer å greie ut Romsdalsaksen.

Det er spesielt å bruke tid i valkampen på å kritisere Høgre for noko som også er tilfelle i eige parti, og som sannsynligvis er tilfelle i alle dei store partia i Møre og Romsdal.

Vi kan uansett garantere for at Høgre fortsatt står støtt på det standpunktet som fylkesårsmøte vedtok med støtte til Møreaksen, og reknar med at Sp gjer det same med Romsdalsaken.

Senterpartiet kan ynskje seg ei statsfinansiert utgreiing av Romsdalsaksen så mykje dei berre vil, det kjem uansett ikkje til å skje.

Regjeringa ved statsministeren er klar på at dei ikkje kjem til å finansiere ei utgreiing på dette. Den einaste aktøren som i så fall då er igjen, er fylket sjølv.

Det er ein prislapp vi ikkje har råd til i den økonomiske situasjonen ein er i etter åtte år med raud-grønt styre av fylket og det er heller ikkje vårt ansvar å finansiere statleg vegprosjekt.

Ei slik utgreiing er dessutan ikkje nødvendig. Statens Vegvesen har allereie utgreia dei ulike aksane innleiingsvis i konseptutvals-utgreiinga før dei konkluderte med Møreaksen som beste løysing.

Der er det Møreaksen som har blitt vurdert til å gi mest samfunnsnytte. Det er på tide at politikarane byrjar å stole på fagmiljøa i vegvesenet.

Dersom det er flytebrua som gjer at Sørheim føretrekke Romsdalsaksen, så burde ho kunne slå seg til ro med den komande utgreiinga som kjem for bruk av nettopp flytebru på Møreaksen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Anders Riise, fylkesordførarkandidat for Høgre. Foto: Staale Wattø