«Styrk Nordfjord Sjukehus og Volda Sjukehus»

Nordfjordeid: Lokalsjukehusa må ha ein fullverdig akuttberedskap, som inkluderer døgnkontinuerleg akuttkirurgi, anestesi, indremedisin, røntgen og laboratorietenester, meiner artikkelforfattarane. På bildet, Nordfjord sjukehus.  Foto: Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard

Ytring

Sidan helseføretaksmodellen vart innført har ikkje-folkevalde toppbyråkratar i helsevesenet rundt omkring i Noreg vedteke og gjennomført ei rekke skadelege sentraliseringar og kutt. Skiftande stortingsfleirtal har, med få unnatak, latt denne prosessen gå sin gang.

Denne negative utviklinga i helsevesenet har fått folk i heile Noreg til å reagere, til dømes Folkeaksjonen for sjukehuset i Volda, som fører ein viktig kamp for tenestene på Volda Sjukehus.

Raudt vil stanse nedbygginga av lokalsjukehusa. For å redde liv, treng vi lokalsjukehus som kan primærbehandle og stabilisere i livstrugande situasjonar. Folk treng lokalsjukehus til fødslar og til å ta seg av dei vanlegaste lidingane.

Lokalsjukehusa må ha ein fullverdig akuttberedskap, som inkluderer døgnkontinuerleg akuttkirurgi, anestesi, indremedisin, røntgen og laboratorie tenester.

Helseføretaksmodellen må bli fjerna til fordel for klar politisk styring av sjukehusa. Stortinget må vedta nasjonale planar for spesialisthelsetenesta, der strukturelle vedtak om lokalsjukehus, fødetilbod og akuttberedskap vert gjort utifrå behova til alle innbyggjarane i landet vårt.

Ressursane må av omsyn til pasientane overførast frå eit oppblåst toppbyråkrati tilbake til drift, utstyr og vedlikehald.

Nordfjord Sjukehus må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling, samstundes som fødeavdelinga på Volda vert halden oppe minst på dagens nivå. Formålsparagrafen i Spesialisthelsetenestelova slår mellom anna fast at målet med denne lova er å «bidra til et likeverdig tjenestetilbud» og «bidra til at tjenestetilbudet blir tilgjengelig for pasientene».

Det er på tide at denne delen av lova faktisk vert teken på alvor av Stortinget.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!