Eg fekk med meg at påstanden om at nynorsk er eit solid språk i verdssamanheng var underleg, og at det har vore etterlyst forklaring på dette tidlegare.

Eg må melde at eg ikkje abonnerer på avisene frå regionen for tida, så det er ikkje alltid slike etterlysingar kjem meg for øyra.

For dei som ikkje har språk som levebrød: Under «Nynorsk som talemål» på Språkrådet sine nettsider er det nemnt at det er minst 500.000 nynorskbrukarar. I den samanhengen er definisjonen på nynorsk «det skriftspråket som Ivar Aasen sette i system basert på dialektane i landet vårt». Skal eg vera freidig å bruka ein annan definisjon på nynorsk (norsk talemål frå 1500 fram til i dag) så vil eg påstå at svært mange av oss snakkar nynorsk, uansett kor mange som vert opptrekte av det. Med det sagt, viss ein gjeng ut frå «minstetalet» på 500.000 så er språket langt frå utdøydd. Ethnologue (ethnologue.com) viser at det er rundt 7111 språk i verda i dag og at rundt ein femtedel av dei er i fare for å «dauda» ut fordi dei har mindre enn 1.000 brukarar. 500.000 kontra 1.000, ein blir ikkje kvitt (ny) norsk med det fyrste. Det er heilt riktig som ein kar påpeika i avisa for litt sidan, språka kan sameksistera slik dei gjer i bibliotekkassene frå Stikk Ut, men det skjer for ofte at ein gjeng inn for nøytralitet og lèt bokmål breie seg ut (Gamle Borgund og Ålesund si samanslåing til dømes).

Om ein forelder vil ha barnet sitt i bokmålsklasse i Ålesund, så treng dei i dei fleste skulekrinsar ikkje å løfta ein finger. Ein forelder som vil ha barnet sitt i nynorskklasse vil måtte «sanka» eit minimum av 9 andre som også vil ha nynorsk for sitt barn i det årskullet. Kvifor velja nynorsk? Eg har nemnt identitetssida av det, men ei anna side er at kvar elev har meir tid med lærar når elevtalet ligg oppunder 20 (mitt inntrykk er at bokmålsklasser jamt over har eit høgare elevtal som igjen resulterer i mindre tid med lærar for elevane).

Totalt i undersøkinga svarar 20 prosent av elevane som deltok at dei vart oppmoda til det, oftast av foreldre og/eller lærarar. Nokon ser ut til å ikkje vera komfortable med at Nye Ålesund kan bli landets største nynorskkommune. Når det blir ein større kommune som skal representera regionen, så er det etter mi meining ikkje dumt å skilja seg litt ut i staden for å berre skli inn i bakgrunnen av dei større byane i landet.

Om dette skulle bli ein av dei store utfordringane med Nye Ålesund, så vil eg leggja inn eit framlegg om å ta dette språkarbeidet på dugnad (eit norsk ord som det vert skrive om i andre land, seinast i fjor av BBC til dømes). Dette er ikkje eit réellt problem etter mi meining.

Det er ikkje manglande aksept for bokmål frå «nynorskfolket» si side at vi ser på nynorsk som eit flott språk for regionen vår.

Vi fekk vårt eige flagg etter unionstidene tok slutt, så det skulle berre mangla å ha sitt eige språk.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!